Lokalnytt

Sommaroppleving med kulturskulen på Ljøen

Publikum fylte godt opp i amfiet då kulturskulen inntok scena på Øvre Ljøen fredag kveld. Konserten vart strålande med flotte song og musikkinnslag og sol i fjella.

Det var Sunnylven skulekorps under drigent Trond Otto Berg som opna konserten. Dirigenten rosa korpsmedlemane, det var kjekt å reise til Hellesylt på øving sjølv om det var eit lite korps, der møtte alle musikarane på alle øvingar, sa han.

Også publikum tykkjer godt om musikklivet i bygda, i alle fall vart det mykje applaus for både det skulekorpset og dei andre «leverte» denne kvelden.

Sunnylven skulekorps og fire aspirantar.

Sunnylven skulekorps har rekruttering, for under konserten kom fire aspirantar med sine messinginstrument og heldt sin aller fyrste konsert. Dei spela fleire korte musikkverk og det gjekk svært bra noko som lovar godt for eit skulekorps i Sunnylven også i framtida.

Nicola Grynda

Dei aller fleste elevane som deltok på konserten kom frå Sunnylven. To kom frå Stranda, mellom anna Nicola Grynda, eit sjelda stort songtalent. Hennar framføring av Summertime, og Fly me to the moon med musikals støtte frå lærarar Andre Ramstad og Evgenii Zhukov var stort å oppleve.

Piano er tydeleg vis eit populært instrument i kulturskulen, og i programmet kom det ein sekvens med unge pianistar som er tidleg i si læringstid. At det kan bli bra til slutt med dyktige lærarar trur vi gjerne på.

På fele spela Sina og Tonje saman med lærar Synnøve Hjellbakk Hole, og vi fekk høyre Ida Susann på klassisk gitar, før to band med vokalistar kom på scena, det fyrste av elevar frå mellomsteget med støtte av lærar Erik Torset på gitar. Tonje var solist i vakre Vestlandet og i Knutsen og Ludvigsen-songen Grevling i taket, og imellom der var Kristen forsongar i Blime.
Artige innslag også frå det andre bandet som hadde lærar Evgenii Zhukov på tangentar i songen Månemann av Vamp.

På piano fekk publikum høyre Ingeborg Fivelstad Stadheim og Trym Helset spele firehendig i Rondo alla turca. Flott levert av to unge musikktalent.
Eit anna stort talent er Ådne Kjellstadli. 10.-klassingen vart eit av kveldens høgdepunkt på piano og viste kor god ein kan bli som elev i Stranda kulturskule.

Ådne var også med i avsluttingsnummeret levert av avgangselevane ved Sunnylven skule. Dei har kome til finalen i komposisjonskonkurransen Veslefrikk i alle år sidan 2017, det året dei vann. No avslutta dei sine komposisjonar inn til vidare med å lage ein ny melodi dei kalla Trip Down Memory Lane.
Turen nedover minnenes gate vart utruleg bra.

Vi har omtale mykje, kanskje skulle vi brukt fleire superlativ, for det vart ein flott avslutningskonsert for kulturskulen på Ljøen. Rektor Trond Otto Berg var kjempeglad for at Ole Hjalmar Bonsaksen og familien stilte staden og Amfiet til disposisjon, -tusen millionar takk for det, sa han.
Han takka også sine kollegaer i kulturskulen, elevane, og han takka foreldra. -Dokke har ein stor flokk flotte elevar, avslutta Trond Otto Berg.

Sina og Tonje saman med lærar Synnøve Hjellbakk Hole.
Emma saman med lærar Synnøve Hjellbakk Hole

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380