Lokalnytt

Stor konsertoppleving i Sunnylven kyrkje

Sunnylvingar og fleire tilreisande møtte fram til konsert i Sunnylven kyrkje søndag kveld, til konsert med musikk frå 1700-talet av store komponistar, formidla av profesjonelle musikarar frå nærområdet.

Eit 50-talls personar møtte fram til konserten i Sunnylven kyrkje med 1700-talls musikk på programmet. Musikarar var Carolin Eide piano og cembalo, Evgenii Zhukov fløyte, Øyvind Skatvedt Robak fiolin, og Gunnar Inge Eide orgel, og konsertkonfransier.

Programmet var dansemusikk i eldre tid, leikne og livsglade tonar som høyrer dansen til. Konserten hadde namnet B-A-C-H, forbokstavane til komponistane av musikken som vart presentert, eller Bach, Albinoni, Corelli og Hendel.

Konserttimen opna med Air av Johann Sebastian Bach, med Øyvind Skatvedt Robak på fiolin og Gunnar Inge Eide ved kyrkjeorgelet. At Eide kan å meistre orgelet visste vi frå før, og meisterleg spel gav også Robak der fingrar og boge fekk fram dei varlege tonane frå fiolinstrengane.
Robak har si utdanning frå NTNU Institutt for musikk og har spesialisert seg spesielt innan tango og klassisk musikk.
Dei andre musikarane, Carolin Eide har gått i lære i orgelspel hos Jurgen Wolf i Leipzig og arbeider som kantor/organist i Stranda og Norddal. Søndag spela Carolin både piano og cembalo.
Evgenii Zhukov er godt kjent mellom sunnylvingar som lærar i kulturskulen i Stranda. Som fløytist har han mastergrad frå heimlandet Russland og Tromsø. Ein meister på sitt instrument.

Ved Sunnylven kyrkje buldra Hellesyltfossen i all sin naturprakt søndag kveld, men inne i kyrkja var musikken reinstemte tonar og varleg i imponerande samspel mellom dei tre.
Det vart både kjente og ukjente musikkverk frå Carolin Eide, Zhukov og Robak. Det svinga så flott, vi var på ei reise tilbake til 1700-talet, til ballsalar og festkledde folk i lystig lag der dansen svinga frå polka til tango og vals, trur vi. Men nei, søndag kveld var vi på konsert i Sunnylven kyrkje med profesjonelle musikarar, til ei stor oppleving.

Konserten i Sunnylven kyrkje hadde musikk frå mange land, Italia, Tyskland og England. Reisa vart avslutta med Johann Sebastian Bach sin Menuett og Badinerie, før dei tre fekk overrakt kvar sin blomarbukett.

Gunnar Inge Eide overrekte blomar til dei tre, Carolin Eide , Evgenii Zhukov og Øyvind Skatvedt Robak.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380