Trening og oppskyting til hjortejakta
Fram for ein ny jaktsesong blir det trening -og oppskyting for storviltjaka på desse datoar i Sunnylven skyttarlag:
Skytinga foregår på bana i Hyttehola, alle dagar mellom kl. 18.00 – 20.00.
Måndag 14.06
Onsdag 16.06
Måndag 21.06
Måndag 09.08
Onsdag 11.08
Måndag 16.08
Onsdag 18.08
Fredag 20.08
Smittevernreglar i fokus
Leiar i skyttarlaget, Ola Vangen melder at det også i år må takast hensyn til smittevernsreglar der det blir lagt vekt på avstand mellom personar på baneområdet, desinfisering av utstyr, hender og føring av oppmøte-protokoll til eventuell smittesporing.
Oppskyting på hjortefigur
-På grunn av at Sunnylven skyttarlag skal arrangere siste runde av Noregscupen i DFS (Det frivillige Skyttervesen) er vi nødt til å avslutte oppskytinga fredag 20. august. Derfor vil vi anbefale jægarane om å ikkje vente alt for lenge med å ta turen på bana.
I år er det berre oppskyting mot hjortefigur som er obligatorisk for jakta. Derfor meinar vi det kan vere lurt å skyte nokre ekstra prøveskot for treninga si skuld før oppskyting, avsluttar Ola Vangen.