Trivselshagen blir realisert

Flagget var på topp ved Sunnylven omsorgssenter tysdag då arbeidet med den planlagde Trivselshagen ved heimen starta opp. Prosjektet er fullfinansiert med støtte frå lag og enkeltpersonar, frå Damm-stiftelsen, og på oppstartdagen frå Sparebanken Møre.
Tysdag 1. juni 2021 blir ein merkedag ved Sunnylven omsorgssenter, då starta arbeidet med den lenge planlagde Trivselshagen.
Sunnylven omsorgssenter ligg vakkert til i Hellesylt sentrum med Hellesyltfossen på eine sida og utsyn til Sunnylvsfjorden på den andre. Ei småbåthamn og ei ferjekai gjev også visuelle opplevingar i sommarhalvåret.
Eldresenteret på Hellesylt stod ferdig i 1984, men utnytting av uteområdet med asfalterte stiar, beplanting, benkar og ein paviljong har blitt sett på vent grunna økonomi.
Vart fullfinansiert
Planane for ein Trivselshagen starta for meir enn 20 år sidan. Men mykje har blitt endra og kostnaden har vore ei anna hindring, heilt til i februar då Sunnylven Pensjonistlag sende søknad til Damm-stiftelsen og fekk 300.000.- kroner i støtte til prosjektet.
Og tysdag overrekte tilsette ved Sparebanken Møre ein stor blå gåvesjekk til arbeidet og pårørandeforeninga. Med tillegg av andre gåvemiddlar er tiltaket med Trivselshage fullfinansiert.
200.000 frå Sparebanken Møre
-i år har banken bestemt at Teft-middlar for det meste skal gå til tiltak for eldre. Utbygging av Trivselshagen her er slike vi vil støtte så pårørandeforeninga fekk det dei søkte om, sa Stig Tryggestad då han overrakte banken si gåve til leiar i foreinga, Ruth Hole Aaland. På sjekken stod skrive med feit tusj 200.000.- kroner.
Tryggestad sa at banken håpa pengane kunne vere med på å skape ein triveleg plass like ved småbåthamna og badestranda for bebuarar og tilsette.
Ein minipark
Ruth Hole Aaland takka så mykje for den rause gåva, pengar som no skal brukast både i hagen mot sjøen og området mot Hellesyltfossen. Planane viser at det blir eit lite vakkert parkanlegg.
-Vi håpar å få til noko som dei eldre vil ha glede av å bruke, asfalterte turstiar, beplanting og ein paviljong med ei lita scene. Det skal vere funksjonelt for alle, sa Ruth Hole Aaland.
Talde nullar fleire gonger
Planlegging av Trivselshagen kom godt i gong etter at Sunnylven Pensjonistlag sende søknad til Damm-stiltelsen om støtte.
-Vi sende søknaden ein fredag og fekk svar onsdag veka etter. Det økonomiske bidraget lydde på heile 300.000.- kroner, fortalde kasserar i laget Odd Jostein Bjørdal. Det var neste så utruleg at leiaren i laget, Astrid Langeland måtte få andre til å stadfeste at der stod fem nullar bak 3-talet.
Lokalt næringsliv bidreg
Og tysdag kunne Astrid fortelje om meir velvilje frå lokalt næringsliv. Paviljongen med scene skal byggjast i glas midt på området og blir betalt av Norsk Sjømat AS, Ole Ringdal AS, og HT Bygg Hellesylt AS.
Med tidlegare oppsparte middlar og gåver frå lag og privatpersonar er Trivselshagen fullfinansiert.
Området blir gjerda inne med to portar ute, og i tillegg blir det tilgang frå vinterhagen.