Lokalnytt

Tysdag kjem Kløverstafetten til Hellesylt

Tysdag 15. juni kjem Kløverstafetten til NKS til Hellesylt. Markeringa her blir avslutta med ein Kløvertur etter allfarveg mot stadion.

Tysdag 15. juni markerer Sunnylven sanitetslag at Kløverstafetten i høve Norske kvinners sanitetsforening sitt 125 -års jubileum er komen til Hellesylt. Her blir det diverse innslag i sentrum.

I 2021 er det 125 år sidan Norske kvinners sanitetsforening vart skipa. I høve jubileet har det starta ein Kløverstafett med stafettpinne og bok frå svenskegrensa i sør som går nordover i landet. Stafetten kjem innom dei fleste lokale sanitetslag i landet før den er i mål på landsmøtet til NKS i Tromsø i september.

Tysdag 15. juni kjem stafetten til Hellesylt og Sunnylven sanitetslag, fortel leiar i laget Hilde Langlo Brekke.
-Stafetten kjem frå Nordfjord og vi skal hente stafettpinne og bok hos nabolaget i Hornindal som har eit arrangement i Gro-parken dagen før. Vi får stafettpinnen hit og då ønskjer vi å få med oss bygdefolket på arrangementet. Styret i laget har sett opp eit program for dagen 15. juni som vi håper mange sluttar seg til, seier Hilde Langlo Brekke.

Det startar med samling ved «Meieritomta» klokka 12.00, og deretter går alle i tog forbi Sunnylven omsorgssenter og helsar på pensjonistane der. Denne dagen er alle bebuarane samla i daglegstova til felles middag, laga av kokk Rolf Kobberstad som kjem, fortel Brekke.

Frå omsorgssenteret går «Kløvertoget» til Hellesylt sentrum og området ved butikkane. Der blir det programinnslag med song og musikk av småskulen og korpsmedlemer. Det blir helsingar frå leiaren i Sunnylven sanitetslag, truleg også frå Frivilligsentralen ved Aud Tomasgård Berstad og andre.

-Vi vil spesielt invitere medlemane våre i laget, tidlegare leiarar, men også bygdefolket til å ta del i markeringa av NKS sitt 125-års jubileum. Vi håper på brukbart ver og vi trur det blir ei fin markering med både unge og eldre aktørar. Eg håper folk kan avsetje litt tid og bli med på arrangementet som blir avslutta med ein Kløvertur i lett terreng med drøs og ein god prat, mot stadion og tilbake, avsluttar Hilde Langlo Brekke.

Etter at Sunnylven sanitetslag har skrive si helsing i jubileumsboka skal bok og stafettpinnen vidare på si ferd til laga i Volda-regionen, først til Austefjord sanitetslag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380