Unge og eldre deltok i Kløverstafetten

«Kløvertoget» gjekk forbi Sunnylven omsorgssenter og helsa til bebuarane der. På utsida blir det jobba med Trivselshagen

Tysdag 15. juni kom Kløverstafetten til Hellesylt. Der vart 125 -årsjubileet markert med folketog, helsingar, song og musikk, og til slutt ein kort Kløvertur.

I år feirer Norske Kvinners sanitetsforening 125 år. Jubileet blir markert med ein Kløverstafett som går frå sør gjennom heile landet, til Tromsø der det er landsmøte i september.

Sunnylven sanitetslag tok mot stafettpinne og bok til å skrive helsingar i frå Hornindal sanitetslag måndag.
Markeringa på Hellesylt fann stad dagen etter og starta med «sanitetstog» til Sunnylven omsorgssenter der det vart helsa til bebuarane på heimen frå utsida.
Der i frå gjekk alle tilbake til Hellesylt sentrum til program av elevar frå småskulen og helsingstaler frå leiar i Sunnylven sanitetslag og representantar frå Stranda kommune.

Varaordførar Svein Erik Rimstad overrekte blomar frå kommunen til sanitetslaget ved Hilde Langlo Brekke. Til høgre Aud Tomasgård Berstad frå Frivilligsentralen.

Mange arbeidsfelt

Leiar i Sunnylven sanitetslag er Hilde Langlo Brekke. Ho opna si helsing med ord frå diktet «Kilda» av A.P. Ringdal.
-Kilda til lukke er kjærleik til nesten
ei hjelpande hand og eit smil attpå-
står det i fyrste verset. Og nett slik vil og har sanitetslaget jobba, sa Brekke. I stikkords form fortalde ho om ei lang rad oppgåver organisasjonen og lokallaget har engasjert seg i. Mykje har endra seg på 125 år sidan organisasjonen vart skipa i 1896, før kvinner hadde stemmerett her i landet. Sjukdomar og kvinners helse er framleis viktige arbeidsområder, men også omsorg og beredskap i tilfelle ulykker er viktige for Sunnylven sanitetslag, sa Hilde Langlo Brekke.

Ein stor verdi

Og saman med mange andre oppgåver var dette med beredskap ein stor verdi for folk, sa varaordførar Svein Erik Rimstad som helsa frå Stranda kommune. Han tykte det var ei ære å kunne helse frå kommunen.
Å ha eit aktivt sanitetslag var ein stor verdi. -Om ulykka er ute kan det vere godt å ha saniteten si beredskapsgruppe, få seg servert eit varmt måltid i ein sliten kropp, sa han. Han gratulerte med jubileet og overrekte blomar til Sunnylven sanitetslag frå kommunen med ønskje om alt godt for organisasjonen i åra som kjem.

Frå Frivilligsentralen helsa Aud Tomasgård Berstad. Samarbeidet med saniteten og Sunnylven sanitetslag hadde ho mykje god erfaring med, spesielt samarbeidet kring den årlege Aksjonsveka mot rus.
-Sanitetslaget er ein berebjelke i bygda, laget er viktig for lokalsamfunnet, men også for storsamfunnet, sa Aud Tomasgård Berstad.

Fire aspirantar frå Sunnylven skulekorps underheldt med flotte korpstonar. Til venstre dirigent Trond Otto Berg.

Spela og song

Det var 3. og 4. klasse ved Sunnylven skule som stod for programinnslaga under 125-årsmarkeringa på Hellesylt. Fyrst ut var fire aspirantar frå Sunnylven skulekorps som spela 4 – 5 korte musikkstykke. Dirigent Trond Otto Berg var deira konferansier og leiar.
-Dette er aspirantane sin aller fyrste konsert i 2020 – 21 på grunn av korona, sa Trond Otto Berg. Vi tykte aspirantane leverte ein flott konsert som lovar godt for framleis eit skulekorps i bygda.

Elevar frå 3. og 4. klasse song Grand Prix-vinnaren «Vestlandet»

Og så var det song av 3. og 4. klasse, og songen dei framførte var vinnarlåta frå Melodi Grand prix junior, Vestlandet. Forfattaren av songen må ha vore på Hellesylt, for teksten fortel om
-over eit fjell, gjennom ein tunnel, over ei bru og der bur du-. Ein flott song, fint framført av unge skuleelevar.

Sunnylven sanitetslag avslutta ei verdig 125-årsmarkering med kort Kløvertur mot Hellesylt stadion og tilbake. Leiar Hilde Langlo Brekke skulle så skrive laget si helsing i jubileumsboka, før ho skulle ta turen for overlevering til Austefjorden sanitetslag.

Sanitetstoget helsa til bebuarar ved omsorgssenteret, og elevar frå 4. klasse song til dei.

Noverande leiar Hilde Langlo Brekke til venstre og tidlegare leiar Kari Hauso Stadheim i lånte sjukepleiedrakter.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380