Lokalnytt

Ann Kristin tilsett som prestevikar

Prestevikar Ann Kristin Langeland og prost Svein Runde på Høgreiten høgt over Hellesylt sentrum og Sunnylvsfjorden.

Over hundre unge og eldre møtte fram til gudsteneste på Høgreiten søndag. Der fekk Ann Kristin Langeland sitt tilsetjingsbrev som prestevikar i Sunnylven og Stordal.

-Stillinga som prest i dei to kyrkjesokna Sunnylven og Stordal har vore utlyst fleire gonger utan at det har kome søkjarar. No har biskopen i Møre etter samtalar funne Ann Kristin Langeland kvalifisert som prestevikar. Her på Høgreiten får ho sitt tilsetjingsbrev frå biskop Ingeborg Midttømme for teneste i Sunnylven og Stordal, i fyrste omgang i eitt år, sa prost Svein Runde. Han var til stades der han mellom anna orienterte om saksgangen fram til utnemninga.

Var sikker

-Dette er ein dag vi har gleda oss til og sett fram til, sa Runde. Han fortalde om kyrkjelege handlingane ho kunne gjere, og som han var sikker på at ho ville utføre på god måte.
At utnemninga kunne skje på Høgreiten på eit område der besteforeldra til Ann Kristin hadde jobba og virka var ekstra hyggeleg.

Ein del av den store forsamlinga under friluftsgudstenesta på Høgreiten søndag.

Sitat frå glasmåleri

I si forbøn tok Runde fram vers frå Bibelen om Peter sin fisketur og heller dårlege fangst.
-Frå no av skal du «fange» menneske på ein god måte, sa han og siterte vektige ord frå glasmåleria i Sunnylven kyrkje.
«Trøysta, trøysta mitt folk, seier dykkar Gud», står på det eine, og «Han gjev den trøytte kraft og aukar styrken til kraftlaus mann» står på det andre.

Prost Svein Runde signa prestevikar Ann Kristin Langeland. Til venstre Astrid R. Ringdal frå soknerådet, og til høgre May Kristin Bolli, veninne av Ann Kristin.

Vil vere hyrde

Prestevikar Ann Kristin Langeland heldt preika, slik ho har gjort i Sunnylven kyrkje fleire gonger alt.
Denne søndagen var Aposteldagen, ein litt spesiell dag å bli innsett og kalla til teneste på, tykte ho.
-Vi er alle krossmerkte og det gjev meg ei tryggheit. For teneste for Gud handlar om å elske nesten vår der vi er, og i mi teneste her i Sunnylven håper eg å få bekrefta det.
Eg har fått i oppgåve å vere prest, kyrkja trur på meg og eg skal vere hyrde for kyrkjelyden. Å vere ein disippel handlar om å ta den etiske utfordringa, snakke om nåde og tillit både i glede og sorgfulle samlingar. Eg trur på ein som elskar oss, på ein Gud som tek vare på oss slik vi er.
Jesus var opptatt av å reise oss opp når vi trong det, hjelpe oss å gjere det meste rett. Og han kallar ikkje til teneste utan at han er med sjølv, sa Ann Kristin Langeland.

Vakkert frå songgruppe og Lina Sandell, frå venstre Kristin Storstein, Oddbjørg Stadheim og Elisabeth Runde. Ved orgelet Gunnar Inge Eide.

Trøorgel og kornett

Under gudstenesta på Høgreiten var meir enn hundre unge og eldre samla i fint sommarver. Som vanleg var ei lita kyrkjeklokke, det blomsterpryta altarbordet og korset på plass.
Ei songgruppe med Kristin Storstein, Oddbjørg Stadheim og Elisabeth Runde song frå Lina Sandell sin songskatt til tonar frå eit trøorgel med Gunnar Inge Eide ved tangentane. Herlege innslag frå gode aktørar. Og saman med Oddbjørg Stadheim på kornett spela han til salmesongen.
Gudstenesta vart avslutta med «Gud signa vårt dyre fedreland» og enkel kyrkjekaffi.

Skal bli kjent i Stordal

Heilt på slutten intervjua Svein Runde den nyutnemde prestevikaren i ein lett og ledig tone. Folket i Sunnylven kjenne Ann Kristin Langeland og ho kjenner dei, men i Stordal, det andre kyrkjesoknet kjente ho berre tre personar, sa ho. Det blir nok fort fleire trudde ho, for om litt står konfirmantundervisninga for tur.

Deltok under gudstenesta, frå venstre Kristin Storstein, Svein Runde, Ann Kristin Langeland, May Kristin Bolli, Astrid R. Ringdal, Oddbjørg Stadheim, Gunnar Inge Eide, Elisabeth Runde.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380