Lokalnytt

Arrangerer Norges-cup i Hyttehola

I Hyttehola er anlegget rusta opp for å ta mot og arrangere Norges-cup i skyting i slutten av august.

I Hyttehola blir det Norges-cup i skyting 27 – 29 august. Det Frivillige Skyttarvesen sin 3. runde i baneskyting blir arrangert av Sunnylven skyttarlag saman med Sykkylven, Hovdebygda og Ørsta.

Norges-cup i skyting blir i vanlege år arrangert gjennom ni stemner. Grunna pandemi og avlysingar blir det ikkje finaleskyting, men fem av seks stemner blir teljande for sluttresultatet i år, mellom anna stemnet i Hyttehola, fortel leiar i Sunnylven skyttarlag Ola Vangen.

Som arrangør må baneanlegget ha ein viss storleik. I Hyttehola har skyttarlaget gjort fleire forbetringar, mellom anna utvida kapasiteten på 100-metershaldet frå 6 til 10 skiver, og på 200 meter frå 8 til 12 skiver. Det har kosta laget pengar og det er lagt ned mange dugnadstimar, fortel leiaren.
I tillegg er det kome eit topp moderande speaker-anlegg i det nye klubbhuset. Laget er godt rusta til å arrangere Norges-cup i skyting, og Ola Vangen takkar alle, sponsorar og dugnadsfolk for innsatsen.

Under skytestemnet i slutten av august, der det er venta 350 – 400 skyttarar, treng laget hjelparar, parkeringsvakter, i kiosken og på standplass. Ta kontakt med Ola Vangen på mob. 944 35 850. Det blir spanande dagar!

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380