Lokalnytt

Avduka informasjonstavle

Designar Anne Jorun Sæten og leiar i badehusstyret Asle Ringdal ved informasjonstavla som vart avduka fredag. På tavla kan ein lese heile «livshistoria» til badehuset og badestranda på Hellesylt. (Foto: Privat)

Fredag vart ei informasjonstavle på badestranda på Hellesylt avduka. Tavla er betalt av Hellesylt Ungdomslag og sett saman i bilder og tekst av designar Anne Jorun Sæten.

Badestranda på Hellesylt er ei perle for mange, ikkje berre på varme sommardagar, men også andre tider på året som solsnubading i desember. Og på andre vinterdagar kan ein sjå enkelte ta ein dukkert i Sunnylvsfjorden sjølv om gradestokken viser minus med snøbyger i lufta.

Det var laksefiskar Anton Larsen som fekk bygd det serprega badehuset i 1937, av forskalingsmateriale frå bygginga av Hellesylt kai. I 1938 vart Hellesylt Ungdomslag eigar av badehuset, og laget har lagt ned mykje arbeid og pengar på å halde huset og stranda god og rydding. Det har blitt ein populær stad både for badarar og solnytarar, ein innsats HUL bør få både ros og applaus for.

Det særprega bygget og staden vart kåra til Stranda kommune sitt kulturminne i 1997. For få år sidan kom også det ti meter høge stupetårnet på plass igjen. Dette og meir kan ein lese om på informasjonstavla som kom på plass og vart avduka fredag.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380