Det skjer på Hellesylt i helga.

Det skjer mykje på Hellesylt komande helg, mellom anna blir det Andeslepp i Hellesyltfossen. (Foto frå arkivet)

Sommardagar på Hellesylt er avlyst, men alternativet er også verdt å få med seg i dagane 10. og 11. juli. Les meir om det som skjer på Hellesylt laurdag og søndag.

På Hellesylt blir fullt av handletilbod, gode smakar frå salsboder, opning av bakerikaféen på Hægstad Gård, Det store andesleppet, og kanskje enno meir.

Sunnylven skule er under renovering og blir teken i bruk igjen i 2022. Som ekstra gåve til skulen har FAU starta ein aksjon for å få finansiert og reist ei klatrepyramide ved skulen, noko ikkje berre skuleelevar i Sunnylven kan ha glede av. Komande helg blir det fleire arrangement til inntekt for klatrepyramida.
*Ved butikken Joker sel FAU vaflar og kaffi på laurdag,
*Vaflekafé har også Sunnylven sanitetslag på søndag. Sanitetslaget sel også snurrelodd, restar etter utekaféen til laget for to veker sidan.
*Coop Marked Hellesylt har utstilling og sal av «bilde, betong og perler», det blir konkurranse med premiering, og gode handletilbod.
*Same stad har Monica Corneliussen utstilling og sal av akvarellbilete.
*På Hægstad Gård opnar Geiranger Bakeri sin kafe laurdag 10. juli.

Andesleppet

Søndag 11. juli klokka 16.00 går Det store andesleppet i Hellesyltfossen av stabelen. Salet av elder har gått bra seier leiar i HUL, Marianne Fivelstad. Ho hadde ønska seg enno betre sal, for det ligg litt etter fjoråret så langt, seier ho. Hellesylt UL har salsstand i Hellesylt sentrum både laurdag og søndag, og det kan kjøpast ender på vipps 569925 heilt fram til andesleppet. -Vi sender melding tilbake til kjøpar om kva andelodd vedkomande har fått, seier Marianne Fivelstad som fristar med ein samla premiesum i andesleppet på 25.000.- kroner.
Ho garanterer rette andevinnarar også denne gongen.
-Ordførar Jan Ove Tryggestad og tidlegare banksjef og leiar i næringslaget Stig Tryggestad er hyra inn for å plukke opp vinnarendene. Dei får sikker båtfrakt av Tarjei Korsbrekke. Det er med andre ord bygda sine toppfolk som ser til at alt går rett for seg, seier Marianne Fivelstad.

Utset avduking av informasjonstavle

Søndag 11. juli skulle det også avdukast ei informasjonstavle ved badestranda på Hellesylt, men dette arrangementet er utsett i to veker.
Badehuset vart kåra til Stranda kommune sitt kulturminne i 1997 og kommunen har ønska at eigaren Hellesylt Ungdomslag skulle setje opp eit informasjonsskilt i området.
Informasjonstavla vil mellom anna innehalde ei tidslinje for badehuset frå det vart bygd i 1937 fram til no. Det er Anne Jorunn Sæten som har designa tavla, og avduking blir rundt helga 24. / 25. juli.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380