Lokalnytt

-Eit fint yrke, men rik blir eg ikkje

Geitbonde Anne-Gunn Habostad midt mellom dei folkekjære geitene sine. Snart stod kveldsstellet for tur med hjelp frå avløysare og minstesystra Birgitte.

I Sunnylvs-Moldskredalen møter vi Anne-Gunn Habostad og geitbuskapen hennar. Her har ho kvar sommar drive sæterdrift dei siste ni åra frå juni og nesten til snøen kjem.

Det er ein varm solrik sommardag i Moldskredalen. På stølen like ved eit stort sommarfjøs møter vi Anne-Gunn og dei 145 mjølkegeitene som lever godt i vakker natur og med grønt fjellgras over alt. Også 90 kje dansar rundt og blandar seg i flokken, dyr som skal bli nye mjølkegeiter neste sommar.

Midt i flokken står geitbonden sjølv, rett nok oppstilt av fotografen for å forevige stunda. I dag har ho også med avløysaren Mantas frå Litauen og veslesystra Birgitte. No er dagen på hell og snart startar kveldsstellet med mjølking og anna som føl med drifta.

Ein roleg plass

-Det er eit lite paradis å vere her, ikkje berre på slike sommardagar, men også om det ruskar litt kring hjørna på selet, seier ho. Ho har eit nesten nytt sæterhus å bu i, men sjølv likar ho seg best i det gamle tømmerselet, -der har eg residensen min, seier ho.

-Og komforten er grei nok den, her er lite folk å sjå, her er ikkje TV og det er dårleg med mobildekning, men vi har aggregat, rennande vatn og bra bilveg heilt fram til sætra. Her er berre godt å vere, ein stille og freda plass, seier Anne-Gunn. Her har ho ein lang sommar framfor seg, nesten heilt til snøen kjem.

På bruket er det eit nesten nytt sæterhus. Der har Birgitte t.v. hatt sin residens frå 13. mai i år. Ho pendlar fram og tilbake til jobben på Sunnylven omsorgssenter. I bakgrunnen det gamle selet.

Nok gras

Moldskredalen er grøn og frodig og her er nok av mat for geitene.
-Det skulle vore fleire dyr her for å halde kulturlandskapet i god hevd. Slike sætredalar gror fort igjen om der ikkje er beitedyr, det såg vi ein sommar her ikkje var dyr grunna ein smittsam sjukdom på småfe. Den sommaren grodde det fram mykje uønska vegitasjon, men no har geitene «pussa» det fint igjen, i alle fall i område nærast stølen.

Førte tradisjon vidare

Anne-Gunn Habostad driv sæterdrift niande sommaren og fører ein tradisjon gjennom fleire generasjonar vidare. I 2012 orka ikkje foreldra til Anne-Gunn å drive lenger og odelsjenta fekk eit val. Ville ho overta og drive vidare, eller skulle Øie gard og Moldskredalen og sæterdrifta leggjast ned.
Ho valde å satse, noko ho ikkje har angra på sjølv om kvardagar kan vere slitsame.
Ho bygde seg heilt nytt geitefjøs for 200 mjølkegeiter på heimetunet, ho kjøpte opp nabodelen i sæterfjøsen og bygde i hop med sitt eige, og ho kjøpte seg meir mjølkekvote, frå vel 50.000 liter til 129.000 liter.

To jobbar

-Den kvota måtte eg betale dyrt for, seier Anne Gunn og vedgår at det er tøft å få det til å gå i hop økonomisk.  Det blir dårleg lønsemd når utgiftene stig meir enn inntekta. Banken skal ha sitt, kraftforprisen og diesel har auka i pris, men mjølkeprisen er stort sett den same i dag som då eg starta i 2012. Det er kjekt å jobbe som geitbonde, men eg blir ikkje rik av det.
Anne-Gunn har mykje hjelp av avløysar og systra Birgitte, og sjølv har ho to jobbar. I tillegg til gardsdrifta er ho 80 prosent hos Ole Ringdal AS på Hellesylt.

Anne-Gunn saman med Støttekontakta, den gamle, omsorgsfulle geita.

Berre få geiter med namn

Vi står midt i geiteflokken og dei folkekjære dyra nappar i kleda både her og der. Rasen er norsk geit med innslag av Fransk alpin og Boer, dyr som har godt lynne og mjølkar bra, fortel eigaren.
-Å gje alle geitene namn er uråd, men nokre har. Ei er blitt kalla Fantomet atter at den som kje hadde ei mørk maske rundt augene. Namnet var det dotter mi som fann på. Og så er det «gamlemor» som heiter Tatiana, og arva bjølla til ei Boergeit som var i buskapen til mor. Ei anna har berre blitt kalla Støttekontakta, for ho passa så godt på eit kje som vi etter kvart oppdaga var blind på begge augene. Det kjeet måtte vi slakte.

Leverer mjølka frå kjøletank

Å mjølke alle geitene tek 90 minutt både morgon og kveld sjølv om vi brukar seks organ og mjølkar 12 geiter i slengen. Tredje kvar dag blir mjølketanken køyrd heim og mjølka levert til Tine sin tankbil, og kraftfor frå Ottadalen mølle blir med på retur tilbake til sætra.

-Det er kjekt med snille dyr, geitene er hjartebarna mine. Det skulle berre vore meir lønsamt å drive yrket, seier Anne-Gunn Habostad.

Sunnylv-Moldskredalen, eit eldorado for både folk og husdyr.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380