Fekk omvising ved Norsk Fjordsenter

Under stortingsrepresentant Sandra Borch sitt besøk i Stranda torsdag vart det også tid til informasjon og omvising ved Norsk Fjordsenter. Formidlingsleiar Merete Løvoll Rønneberg tok imot og informerte.
Geirangerfjorden Verdsarvområde er saman med Nærøyfjorden dei områder i landet som er minst berørt og påverka av menneskeleg aktivitet.
Her er det naturskjønnheit, kulturlandskap og biologisk mangfall, sa Merete Løvoll Rønneberg. Ho jobbar ved Norsk Fjordsenter i Geiranger, eitt av tre slike i Norge. Her er sal av lokale varer, kafe og utstilling som heile Sp-følget fekk innsyn i på slutten av besøket.
I 2019 besøkte 38.000 personar Norsk Fjordsenter i Geiranger, i koronaåret 2020 kom berre 2.700.
Merete var med rette litt stolt av det ho kunne vise fram ved Fjordsenteret, men vi forstod henne slik at ho også hadde ønska seg meir støtte frå Staten til drifta.
Staten sine ønske var at senteret skulle vere eit fyrtårn i forvaltning av natur og kulturminne.
-Vi blir oss pålagde dette, men kvar er pengane. Alle forventar at alt blir godt tilrettelagt, men kven skal betale for det, var spørsmålet Merete let henge i lufta.

Ho fortalde at bønder i området hadde opplevd at turistar hadde slått opp telt på innmark, for så å diskutere med eigaren om det var innmark eller utmark, eller at hudar vart sleppte laus sjølv om det var bandtvang i kommunen og husdyr gjekk synleg like ved.
-Men turistane er faktisk viljuge til å betale for å besøke området, det er politisk vilje som manglar til å få til ei ordning. Slik det er blir det mykje kaos i høgsesongen, men ei avgift kan vere med på å finansiere løysingar til beste for alle partar.
Merete Løvoll Rønneberg hadde ei lang og grundig orientering, og kom med ei påminning til slutt.
-Gløym ikkje landbruket. Verdsarvområdet er stort, i eine delen er det forvaltningsområde for jerv, i andre område går det husdyr og beitar der det blir delt ut tilskot til mellom anna sauehald, fortalde ho. Det forstod vi at Merete Løvoll Rønneberg tykte var rar politikk.