Fjøssystemer-cup i Gudbrandsdalen

Brørne Isak og Ørjan Frøysadal Hauge, Sunnylven skyttarlag var mellom dei aller beste deltakarane under Fjøssystemer.-cup i Gudbrandsdalen.

I helga arrangerte skyttarlaga Ringebu og Fåvang, Otta, Øyer/Dølen, Østre Gausdal og Vinstra den årlege Fjøssystemer-cupen med hovedsponsor Fjøssystemer AS. Frå Sunnylven skyttarlag deltok familien Frøysadal Hauge

Familien Frøysadal Hauge deltok i skyttarstemnet Fjøssystemer AS og representere Sunnylven skyttarlag med topp skyteresultat.

Av Ola Vangen

-Ørjan Frøysadal Hauge viste storform og skaut nesten feilfri skyting på alle fem stemna. I cupen er det 4 av 5 stemner som er teljande samanlagt. Ørjan benytta den moglegheita svært godt og prikka inn fullt hus på nettopp 4 av 5 stemne. Dette ga han ein samla poengsum på 1000 av 1000 moglege og plasserte han til slutt på ein meget sterk 3.plass etter at innertiarane var talde. Han endte ein fattig innartiar bak dei to skyttarane Vegard Fjærli (Bæverdalen skl) og Morgan Hovde Åmodt (Ringebu og Fåvang skl) som begge endte opp med 1000 poeng og 80 sentrum. Det var totalt 38 skyttara som deltok i klassa.

Isak Elias Frøysadal Hauge kunne også vise at han var i form. Han kunne notere seg ein sterk 8.plass samanlagt i juniorklassa. Her skyt dei kneståande i tillegg til liggande, og nivået på skyttarane er skyhøgt. På sine fire teljande stemne oppnådde Isak ein total poengsum på 992 poeng og 60 sentrum (247p – 248p – 248p – 249p av 250 mulige). Det deltok 43 skyttara i denne klassa og Julianne Skallerud Brekke frå Råde skl vant samanlagt som einaste skyttaren med 4x 250p.

I tillegg til våre to skyttara som skaut på 100m så deltok Kristian Andrè Frøysadal Hauge i klasse 4 på 200m standplassen. Her skytast det både liggande, kneståande og ståande. Kristian endte til slutt på ein 15.plass av totalt 61 skyttara samanlagt i klasse 4. Han oppnådde 952p og 24 sentrumstiara på sine 4 beste stemne (236p – 238p – 239p – 239p). Vinnaren i denne klassa blei Tor Christian Mathisen frå Bamble skl med 973p og 39 sentrum. I den samansette klasse, klasse 3-5, endte Kristian på 71.plass av totalt 167 skyttarar. Skyttarkongen frå Voss i 2012, Hans Kristian Wear frå Styrvoll skl, blei vinnaren her med ein samla poengsum på 989p og 61 sentrumstiarar (246p – 246p – 248p – 249p).

Det deltok 394 skyttara totalt på cupen.

For alle samanlagt resultat + enkelt resultat, følg linken: https://dfsgrasrot.no/fjoessystemer-cupen/sections/21570/articles

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380