Gjekk tur i Trivselshagen

Då det offentlege ikkje fann pengar til Trivselshagen ved Sunnylven omsorgssenter tok lag og organisasjonar i Sunnylven, og andre private ansvaret. Fredag vart rullatorstiane prøvegått av bebuarane.

Alle foto: Ruth Hole Aaland.

Vi har tidlegare fortalt om engasjement frå fleire lag og frå Sparebanken Møre for å få opparbeidd Trivselshagen ved Sunnylven omsorgssenter.

Jobben snart gjord

Anleggsarbeidet har gått som planlagt og sist i juni vart stiane i Trivselshagen asfaltert. Seinare i sommar skal det køyrast til ekstra jord og planerast utover før tilsåing, fortel Egil Røyrhus i Hellesylt Bil & Maskin. Selskapet har utført gravearbeidet med oppfylling av berelag på alle gangvegar.

Røyr for sanitæranlegg på plass

-No står det igjen å køyre til eit par billass med sålda jord og planere utover med maskin.
For å få det pent inn til asfaltkantane bør det gjerast med handemakt, så då hadde det vore fint med litt dugnadshjelp, seier Egil Røyrhus.
Han fortel at Stranda kommune har opparbeidd ekstra parkeringsplass for småbåthamna og badestranda på område like ved Trivselshagen, og lagt ned røyr for vatn og avløp frå toalettet som er tenkt ved badestranda. Røyrhus håper småbåtlaget og Hellesylt UL kan samarbeide og få sanitæranlegget realisert.

Dyktig entreprenør

-Det blir kjempebra, seier Ruth Hole Aaland om Trivselshagen som etter ein månads arbeid no tek form, og vart teken i bruk med rusleturar etter asfalterte stiar av mange bebuarar fredag. Etterpå feira dei med is spandert av Joker Ringdal & Co.

Ruth Hole Aaland er leiar i pårørandeforeininga ved Sunnylven omsorgssenter og har delteke i førebuingane. Ho har sett arbeidet skride fram som tenkt og ho rosar entreprenøren og Egil Røyrhus og engasjement og godt utført arbeid.

Gåvemiddlar til utsmykking

Over år har det kome inn gåvemiddlar øyremerka til Trivselshagen ved omsorgssenteret. Ruth Hole Aaland seier at pårørandeforeininga planlegg for at desse gåvene skal bli brukt på utsmykking og ting som er fint og spanande å sjå på for bebuarane når dei går sine turar i hagen.

Også fundamentet for paviljongen er klart. Når den blir bygd veit ho ikkje, men den kjem på plass, seier ho. Som kjent frå tidlegare blir paviljongen bekosta av Norsk Sjømat, Ole Ringdal og HT Bygg Hellesylt.

På betongplata midt på bildet skal paviljongen byggjast.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380