Notiser

Har funne sin hobby i vevstolen

Eldrid Skrede viser fram ei av filleryene. På benken i bakgrunnen er Ragnhild Ljøen på besøk.

I vår rigge Eldrid Skrede på Hellesylt opp vevstolen sin. Der har ho vevd filleryer i glade fargar, og no byd ho dei fram for sal.

-Å veve filleryer og setje saman tøymaterialet i rette fargar har blitt ein spanande hobby. Eg renne veven sjølv, og tøyremsene klipper eg av gamle klær eller eg får ei ferdigklipte av andre. No har eg så mange filleryer at eg ønskjer å selge ein del av dei, seier Eldrid Skrede.

Eldrid har ingen skulert utdanning i veving, men hobbyen har ho lært av mor si, fortel ho. Ho hadde følgd med i «timane» hos mora, for vevinga kan ho, det vister resultata.
Fredag hadde ho stilt ut filleryene sine ved gamleskulen på Hellesylt, fargeglade plagg til bruk på golv, i kvardagsrom eller på bestestova. Lengda varierer mellom 1.5 til 2.0 meter i bredde 60 – 70 cm. Prisen ville ligge på rundt 500.- kroner, sa Eldrid.

Ta gjerne turen til Hellesylt og gjer ein god handel av fine filleryer, eller ring og avtal kjøpet med Eldrid på mob. 907 07 009.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380