Lokalnytt

Har opplevd skadeverk på badestranda

Leiar i badehusstyret, Asle Ringdal med displeiet som viser temperaturen. I sjøen ligg den blå sensoren

Badestranda på Hellesylt blir besøkt av mange, men ikkje alle forlet den i same stand som då dei kom. Hellesylt Ungdomslag har opplevd skadeverk av fleire slag.

Leiar i badehusstyret, Asle Ringdal synest det er trasig at enkelte ikkje viser respekt for andre sin eiendom og tilboda Ungdomslaget tilbyr på badestranda. I det siste har ein rastebenk blitt skada (bildet), ein av trøbåtane til Ungdomslaget var ikkje festa og ville drive ut fjorden om det ikkje vart oppdaga, og ei av laget sine mange solsenger er borte, eller stolen.

Rastebenk kasta på sjøen

Det aller verste og kanskje fårlegaste var at ein grønmåla rastebenk som stod på kaia var kasta på sjøen. Asle Ringdal såg benken 200 meter frå land då han var ute i båten sin og fekk den til land igjen.
-Dette kunne blitt dramatisk om ein liten båt hadde køyrd på benken i stor fart, seier han.

Slik såg rastebenken ut etter at «sterke gutar» hadde gått forbi.

Solsenger populært

Hellesylt Ungdomslag prøver gjennom heile sesongen å halde orden og legge til rette for at badegjestar skal trivast på bedestranda på Hellesylt. Unge og eldre likar seg der, seier leiaren i badehusstyret. Dei siste dagane har storparten av HUL sine 45 solseger blitt leigde ut, noko som gjev litt inntekter til laget. Det er også kjøpt inn ein dunk for samling av tomflasker, og badegjestane er flinke å nytte også den, seier han. Det siste laget har kosta på og fått montert er ein digital målar som fortel badetemperaturen i sjøen.

Planlegg servicebygg

Saman med kommunen har HUL planar om å få reist eit servicebygg med toalett ved badestranda, men når ein ser at enkelte tøffar seg med å øydelegge ting, blir ein litt betenkt om ein skal investere meir, eksempelvis i eit servicebygg. Asle Ringdal synest det er ein dårleg trend på gang, noko han håper ikkje utviklar seg. Sjølv er han nedom badestranda fleire gonger for dag for å halde området så rydding og triveleg som råd for gjestane.
Når det gjeld dei skadeverk som har oppstått seier han berre kort; -Vi føl med og veit nok meir enn vandalane trur.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380