Harriet Nauer begeistra publikum

Mange kjende artistar har besøkt amfi-scena på Øvre Ljøen sidan fyrste konsert i 2015. Ein av dei største og beste fekk publikum oppleve laurdag, nemleg den svenske artiststjerna Harriet Nauer.
Det vart ei ny, stor musikalsk oppleving då svenske Harriet Nauer inntok sena i amfiet på Ljøen laurdag kveld. Konserten med den framstormande artiststjerna vart begeistra tiljubla frå 40 – 50 frammøtte, og applausen ville eingen ende ta. Fyrst etter tre ekstra songar fekk den blide artisten i sin svarte sommarkjole forlate scena.
Sjølvskrive materiale
Harriet Nauer har ei unik og flott stemme der dei ljose reinstemte tonane formidla bodskapen. Det var 10 – 12 songar, dei fleste sjølvkomponerte med tekstar om hendingar som ho eller saman med andre har opplevd så langt i livet.
Musikken og historia vart framført på ein sterk, men vakker måte med innleving og følelse. Roleg frå den runde krakken song ho både utan og med komp frå eigen gitar, eller i lag med Jens Ericson på tangentar og Annika Tornqvist på bass.
Topplåten hennar så langt er «Hit Me Hard» som slo til med 1. plass på topp 50 i Sverige. Den fekk publikum to gonger på Ljøen.
Harriet Nauer har, til trass for sin unge alder delt scene med andre store artistnamn alt som Basia Bulat, Joni Mitchell og Joan Baez. Det blir garantert fleire med åra.
