Hellesyltdagar litt som før
Det vart litt Hellesyltdagar laurdag 10. juli, positivt bra med folk og boder i gata, men den gode, gamle festivalstemninga mangla i Hellesylt sentrum i år også.
Ein triveleg laurdag i Hellesylt sentrum vart det, og bra blir det nok søndag.
-Det er så kjekt å sjå at mykje folk er tilbake i gata, det gjev meg ekstra energi til å jobbe, sa Michelle på Coop-butikken. Utanfor hadde fleire rigga opp med salsboder.

Pynt av perler og måling
Birgitte Rørhuus Øie hadde sin stand med store og små ting i glade fargar av perler og måling. Det var ein hobby som ho no baud fram om nokon ville kjøpe til eigen pynt eller som gåve, sa ho. Ho var nøgd med salet.
Nokre av dei minste tinga hadde mor Elise bidrege med. -Det er litt greitt å pusle med noko når nattevakinga frå jobben på omsorgssenteret heng i og tek søvnen, sa ho.

Kunst i betong
Like ved hadde Lill Susann Hole sin salsstand av figurar som kunne pynte opp både ute og inne. Ho selde av gamal produksjon, for no hadde ho ikkje tid grunna jobb og anna til å lage slike meir. Ho var i ferd med å selje dei siste figurane ho hadde, men blir å treffe i Hellesylt sentrum også i morgen søndag. Interesserte kan også ringe henne privat, sa ho.

Vaflar for Klatrepyramide
Like ved Joker-butikken dufta det nysteikte vaflar og kaffi. Der hadde FAU ved Sunnylven skule sal for inntekt til den planlagde Klatrepyramida.
Hanne Kvamme er leiar i FAU. Ho var klar på at det måtte bli eit utall vaffeldagar om pyramida skulle finansierast på den måten. Men heldigvis var det mange andre som bidro, sa ho. Ho visste at det hadde kome inn mange kroner på Spleisen som var oppretta, og fleire lag og bedrifter hadde støtta mykje alt, noko ho og FAU var glade for. Og meir visste ho ville kome etter kvart.
Minidagar held fram
Mini-Hellesyltdagane held fram i morgen 11. juli med sal frå fleire boder, vaflar og loddsal for klatrepyramida med sanitetslaget, og ikkje minst Andesleppet i Hellesyltfossen klokka 16.00. Der er framleis andelodd å få kjøpt så om det ikkje er gjort kan alle ordne kjøpet over Vipps til 569925.