Notiser

Hytteholstemnet med gode lokale prestasjonar

Vinnar av årets Hytteholstemne vart Tor Gaute Jøringsli, Lom og Skjåk

Som tradisjon tru arrangerte Sunnylven skyttarlag sitt årlege banestemne, Hytteholstemne, under Olsokveka saman med Hornindal og Markane skl.

Av Ola Vangen

Det nye av året var at Eidsbygda skl i Nordfjordeid også arrangerte stemne samtidig. Stemnet blei gjennomført frå onsdag – laurdag og hovedsponsor til Hytteholstemnet var PEAB K.Nordang.

Det deltok totalt 106 skyttarar på stemnet vårt. Dette er ca 50 skyttarar mindre enn kva vi vanlegvis bruke å ha. Mest truleg er det pandemien som har skyld i dette, så vi håpe på at det vil verte eit meir normalt deltakarantall til neste år igjen.

Når det gjeld prestasjonen til våre lokale skyttarar, kan vi rapportere følgjande:

Ørjan Frøysadal Hauge – 1.plass klasse eldre rekrutt med 349p

Isak Elias Frøysadal Hauge – 3.plass klasse junior med 345p

Kjell Oddvar Frøysa – 8.plass klasse 3-5 med 340p

Kristian Andrè Frøysadal Hauge – 15.plass klasse 3-5 med 337p

Ivar Fivelstad – 16.plass klasse 3-5 med 337p

Vinnaren av Hytteholstemne i år blei tidlegare skyttarkonge Tor Gaute Jøingsli frå Lom og Skjåk skl med poengsummen 345.

Vi kan også rapportere følgjande resultat frå Hornindal og Markane og Eidsbygda skl:

Hornindal og Markane:

Ørjan Frøysadal Hauge – 2.plass klasse eldre rekrutt med 347p

Isak Elias Frøysadal Hauge – 2.plass klasse junior med 349p

Kristian Andrè Frøysadal Hauge – 12.plass klasse 3-5 med 382p av totalt 400p (241 + 141)

Ivar Fivelstad – 19.plass klasse 3-5 med 378p (239 + 139)

Kjell Oddvar Frøysa – 22.plass klasse 3-5 med 376p (237 + 139)

Vinnaren av Olsokstemnet blei Karina Stette frå Engesetdal/Skodje skl med 391p (246 + 145). Det deltok totalt 126 skyttarar på stemnet.

Eidsbygda:

Ørjan Frøysadal Hauge – 2.plass klasse eldre rekrutt med 346p

Isak Elias Frøysadal Hauge – 1.plass klasse junior med 347p

Kristian Andrè Frøysadal Hauge – 3.plass klasse 3-5 med 341p

Ivar Fivelstad – 4.plass klasse 3-5 med 340p

Kjell Oddvar Frøysa – 13.plass klasse 3-5 med 335p

Vinnaren av Tuastemnet blei Reidun Kristin Knappstad frå Florø skl med 348p. Det deltok totalt 71 skyttarar på stemnet.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380