Lokalnytt

Informasjonsskilt om Vardegjølet er på plass.

Jon Kåre Løvoll og Jan Trygve Veiberg med boremaskina frå Eidsdal Bygdeservice monterte fleire skilt i Sunnylven onsdag, i Rindekroken, Holedalen, Åsen og på Ljøen.

Ved Rindekroken på Frøysa er det sett opp eit informasjonsskilt for vegen over Vardegjølet og til grillplassen. Då er prosjektet kring turtilbodet etter gamlevegen øvst i Sunnylvsbygda ferdig.

Det var montørar frå Eidsdal Bygdeservice som var på staden i Rindekroken og monterte informasjonsskiltet. Jon Kåre Løvoll og Jan Trygve Veiberg bora og skrudde det heile fast i fjell, eit skilt i vedlikehaldsfritt materiale med informasjon om vegbygging igjennom Vardegjølet. Skiltet står der gamlevegen startar i Rindekroken. Kanskje bør det hoggast vekk nokre lauvtre her slik at skiltet viser frå bygdevegen.

Mykje dugnad

Gjennom det siste året har det blitt utført vedlikehald av den gamle vegen over Vardegjølet.
På det høgaste punktet er det laga til ein grillplass med benkar og bålpanne. Alt er til fri bruk for den som vil, seier Inge Bjørdal. Han har vore pådrivar i arbeidet og lagt ned mange dugnastimar i prosjektet.
-4-H var her og hjelpte med ein del skogrydding, men stort sett er arbeidet utført av nokre få personar med eit mål om å bevare eit flott turtilbod i nærmiljøet. Det har blitt eit tresifra antall dugnadstimar, men no er prosjektet ferdig, seier han.

Då var informasjonsskiltet i Rindekroken på plass. Den gule tapen blir fjerna når liminga er tørr. Montørar i saman med lokalkjente, frå venstre Kåre Stadheim, Jon Kåre Løvoll, Jan Trygve Veiberg og Jarle Hole.

Sikra juvkanten med gjerde

Gamlevegen i Berga har blitt ein god og trygg turveg, spanande natur med vegitasjon og luftig utsikt med eit høgt juv ned i bygdaelva. Juvkanten er sikra med gjerde. Kostnader til rydding av skog, grøfterens, og eit 50 – 60 meter langt gjerde på det høgaste punktet, er betalt med korona-middlar. Av tilskotet er det også blitt kjøpt inn ei bålpanne, mura eit steinbord og det er kjøpt inn fleire rastebenkar både til grillplassen og langs turvegen.

Opningsfest?

Arbeide med turvegen og grillplassen oppe på Vardegjølet er no ferdig, seier Bjørdal. Han takkar alle som har delteke i arbeidet og håper turtilbodet blir til glede for mange. Om det skal vidareførast neste år, frå grillplassen og mot Hole er ikkje bestemt, men kan vere aktuelt, seier han. Han hadde eit ønskje om å invitere til opning og ei lita markering av prosjektet som er ferdig. I tilfelle så blir det på slutten av sommaren eller tidleg haust.

Også på sætre i Holedalen ved brua kom det opp eit informasjonsskilt denne veka. (Foto: Jarle Hole)

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380