Lokalnytt

Kari Hauso Stadheim fekk Frivilligprisen.

Kari Hauso Stadheim til høgre vart tildelt Stranda kommune sin Frivilligpris under mini-Hellesyltdagane. Her saman med utdelarane, Jorunn Helth og Aud Tomasgard Berstad lengst til venstre.

Stranda kommune sin Frivilligpris gjekk i år til Kari Hauso Stadheim frå Sunnylven, ein prisvinnar som vart både overraska og litt rørt over heideren.

Frivilligprisen i Stranda kommune vart utdelt under mini-Hellesyltdagane søndag. Der var Aud Tomasgard Berstad og Jorunn Helth, leiar og styremedlem i Frivilligsentralen i Stranda til stades for å dele ut prisen.

Også i år hadde det kome inn forslag på mange gode kandidatar, sa Helth som las grunngjevinga for at Kari Hauso Stadheim vart prisvinnaren denne gongen.

Eit ja-menneske

Det var ein lang og innhaldsrik omtale Helth kunne presentere.
Gjennom 30 – 40 år har Kari Hauso Stadheim teke del i friviljug lagsarbeid i Sunnylven som styremedlem eller leiar, i tillegg til full jobb i skule og hjelp heime på garden.
Prisvinnaren hadde vore leiar eller styremedlem i trimgruppa i idrettslaget, Sunnylven skulekorpset, songlaget, biblioteket, Gamleskulen aktivitetsmuseum, pårørandeforeinga ved omsorgssenteret og mange, mange fleire.
Men det var Sunnylven sanitetslag som hadde hatt mest glede av hennar friviljuge engasjement. Der har det blitt meir enn 30 år, fyrst som styremedlem og dei siste åra som leiar.
-Det er eit ja-menneske vi snakkar om, sa Jorunn Helth.

Visste ingen ting

Å kome heim rett frå ei veke ferie og motta Frivilligprisen på Hellesylt søndag vart ei stor overrasking for Kari. Mange visste om at det var ho som skulle få prisen, eit måleri av kunstnaren Norunn Mølsæter frå Geiranger, og med diplom og blomster, men ingen hadde røpa noko.

-Å jobbe friviljug i lag og organisasjonar har alltid vore ei glede for meg, ein får igjen meir enn innsatsen ein yter. Og når ein då får arbeide saman med andre kunnskapsrike personar og ser at målet gjev ønska resultat då gjev det motivasjon til å stå på og seie ja til nye oppgåver, sa ho mellom anna. Ho var både glad og litt rørt over prisen ho vart seg til del.

Frivilligprisen i Stranda vart oppretta av styret i Frivilligsentralen i 2007, i samarbeid med lag og organisasjonar og Sparebanken Møre.
Dei siste åra har styret i Frivilligsentralen vore jury og peika ut vinnaren mellom innsendte forslag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380