Kyrkjeklokka i Sunnylven vil ringe 22.juli

Torsdag 22. juli er det ti år sidan terrorangrep på Regjeringskvartalet i Oslo og på Utøya, ein dag også kyrkja minnast dei 77 som omkom.
Hellesylt.info har fått denne meldinga frå prestevikar Ann Kristin Langeland.
-I år er det ti år sidan angrepet på Regjeringskvartalet og på Utøya. Som ein del av lokalsamfunnet er kyrkja med på å bere sorga og dei vonde minna, men også håpet. I fem minutt frå kl 12 vil kyrkjeklokkene over heile landet ringe, slik også i Sunnylven.
Oslo domkirke vart ein nasjonal sørgeplass etter terrorangrepet. Utanfor kyrkja vart det lagt ned blomster og kvart år etterpå har Oslo domkirke halde gudsteneste den 22. juli. I år vert gudstenesta overført direkte på NRK TV kl. 11.00.
Ann Kristin Langeland
Prestevikar i Stordal og Sunnylven