Maple & Rye leverte på Ljøen.

Maple & Rye på scena på Ljøen.

Det svenske Indiefolkbandet Maple & Rye kom, leverte fantastisk musikk og hausta klappsalvar som gav gjenklang i fjella på Ljøen. Det måtte det bli ekstranummer av.

Også Maple & Rye hadde merka koronaåret om vi forstod dei rett, for opningssongen var den fyrste live på eitt år, fekk vi oss fortalt.

Leo Lønnroth, Gustav Rybo-Molin, Milton Lønnroth og Henrik Bielsten utgjer musikarane i Maple & Rye. Dei var på Ljøen i fjor sommar, og no var dei på plass igjen. Vi kjente igjen musikkstilen med varlege, neste «såre» tonar til dansane rytmer og kraftfulle trommevirvlar. Du visste aldri kva som kom, men spanande, eggande, herleg å høyre og vakkert.

Det opna forrykande, nesten reine tordenveret frå slagverk og skarptrommer, før det gjekk over i rolege melodiøse tonar frå tangentinstrument, gitar, bass og trommesettet. Det vart musikk du blir glad av, kan leve med i og slappe av med i ei natur av det vakraste mellom høge fjell og den blå Sunnylvsfjorden under.

Publikum kosa seg og takka artistane med ståande applaus.

Og publikum levde verkeleg med, applauderte og kosa seg med varer frå kiosken på ein vakker sommarkveld. Hundre personar fylte amfiet på Ljøen, og dei kom frå fleire bygder denne kvelde. Mellom anna hadde fleire damer teke turen frå Ørsta.
-Du må skrive fint om konserten og staden her, det er kanskje norges flottaste utescener dette, vart vi minte på, noko vi ikkje er usamde i. Og dei to kveldstimane på Ljøen var verd turen, sa dei.

Det vart ein flott sommarkonsert nok ein gong. At det kom så mange av publikum var hyggeleg både for musikarar og arrangørar vil vi tru.

Ny konsert på laurdag

Artisten Harriet Nauer spela i pausen ein av songane ho framfører også på laurdag.

Laurdag 24. juli står den framstormande svenske artiststjerna Harriet Nauer på scena på Ljøen. Med sin akustiske gitar og si vakre songrøyst blir det garantert ei ny oppleving i det unike landskapet. Sjå kalendaren til venstre på nettsida; «Kva skjer på Hellesylt», og billettar kan kjøpast på Tikkio.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380