Nye toppartistar til konsert på Ljøen

Fredag 23. og laurdag 24. juli er det ny konserthelg i amfiet Fjellgården Øvre Ljøen. Fredag står det svenske bandet Maple & Rye på scena, og laurdag er det Harriet Nauer si songrøyst og sin akustiske gitar som blir å høyre.
Maple & Rye
Fire musikarar frå Gøteborg utgjer bandet Maple & Rye. Dei veit alle vegen til Fjellgården Øvre Ljøen og amfiscena, for også i fjor heldt bandet konsert på staden med det fantastiske naturbakteppet. Den gongen fylte publikum amfiet, noko arrangøren med Ole Hjalmar Bonsaksen håper på også i år.
Leo Lønnroth, Gustav Rybo-Molin, Milton Lønnroth og Henrik Bielsten sin song og musikk er inspirert frå både blues og funk til rock og rock-pop, men også eige melodiøst materiale laga ut av eigne kjensler og livsopplevingar.
Konsert med Maple & Rye blir garantert ei oppleving i vokal og dansande rytmer til kraftfulle, men også varlege tonar med innleving og glede.
Indiefolkkvartetten «leverte» sitt album «For Everyting» i fjor.
Harriet Nauer
Svenske Harriet Nauer er ei framstormande artiststjerne som har delt scene med fleire store artistar, mellom anna Basia Bulat, Joni Mitchell og Joan Baez.
Fyrste gong ho presenterte seg på den Skandinaviske musikkscena var hausten 2020 med låten «Human». Seinare kom hitlåta «Hit Me Hard» som slo til med 1. plass på topp 50 Sweden.
Harriet Nauer med sin akustiske gitar blir å høyre i Fjellgården Øvre Ljøen amfi laurdag 24. juli.
Billettar til konsertane kan kjøpast på Tikkio. Arrangøen opplyser at «dørene» opnar før konsert begge dagar klokka 19.00.
https://www.youtube.com/watch?v=P8Bqbaiqfxg