Olsokstemne på Flofjellet.

I år som i fjor blir det olsokfeiring ved skihytta på Flofjellet med rjomegraut, konkurransar og sal av lodd. Inntekter frå stemnet går til vedlikehald av bygget.

Laurdag 31. juli blir det Olsok-feiring på Flofjellet ved Skihytta, det skriv Ruben Breidablikk i e-post til hellesylt.info. Ruben Breidablikk ivrar sterkt for å halde skihytta frå 1922 i så god stand som råd og er aktivt med i planlegginga av olsokstemna på Flofjellet.
Som i fjor blir det sal av rømmegraut, grilla pølser, kaffe/te og saft. I tillegg bli det konkurransar og loddsal, heiter det i meldinga.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380