Lokalnytt

Opa kunstutstilling i bedehuset på Hellesylt

Kunstutstillinga i bedehuset på Hellesylt er opa dagleg heile sommaren.

I mai 2020 vart Verdsarvutstillinga i Peer Gynt galleriet flytta til det gamle Bedehuset på Hellesylt. Utstillinga er opa dagleg for innsteg heile sommaren.

Med litt mindre ombygging kom det meste frå utstillinga i Peer Gynt galleriet på plass i det gamle bedehuset på Hellesylt. Utstillinga er opa kvar dag mellom kl. 10.00 og 18.00, Den er utan guide, men sjølvforteljande gjennom plansjar og bilete. Kulissene i utstillingslokale er panoramabilete av fjordar og fjell i området, og på store plakatar blir kjente menn og kvinner frå Sunnylven presentert.

Vi møter lokale diktarar og kunstnarar både innan husflid, målarar, og her får vi sjå og lese om kunstnaren bak Peer Gynt-relieffa Oddvin Parr, men som no er borte.
Det same er sonen og Nerdrum-eleven Eldar Parr som jobba og budde i Oslo og som gjekk bort sist vinter. I utstillinga kan ein lese om arbeida og kunsten han skapte.
Også Henrik Ibsen har fått sin plass etter at han var innom Hellesylt kring 1860-talet

Sunnylven har hatt fleire musikarar og komponistar av folkemusikk, smedar og andre med skapande hender. Mange har fått sin plass i denne unike utstillinga som designer Anne Jorun Sæten har sett saman.

Verdsarvutstillinga blir dagleg open mellom klokka 10.00 og 18.00, seier Anne Jorun Sæten som håper mange tek turen innom og ser. Der er ingen guide, men det er berre å stige inn, lese og sjå. Billettprisen kan betalast på vipps, 50,- kroner for vaksne, og gratis for born under 16 år.

Mange store kunstnarar og betydningsfulle personar frå Sunnylven er no borte. Ein kan sjå og lese om arbeida deira i kunstutstillinga på bedehuset.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380