Opna utsal på Hægstad Gård

Dagleg leiar Oda Sandvik Aure til venstre og Monica Corneliussen håper begge at lokalbefolkninga og andre sluttar opp om den nye utsals -og serveringsstaden på Hellesylt.

Laurdag 10. juli opna Geiranger Bakeri kafé med utsal av bakevarer i lokala på Hægstad Gård, Hellesylt. Det sjette utsalet på Sunnmøre var dermed opna.

Oda Sandvik Aure er dagleg leiar ved Geiranger Bakeri sitt utsal på Hellesylt. Då vi var innom laurdag var fleire personar i fullt arbeid med å gjere klart for opning same dag klokka 14.00.

-Vi skal halde ope til klokka 23.00 i dag. Kva som blir vanlege og faste opningstider er ikkje avklara enno, det er litt avhengig av besøket, men vi håper sjølvsagt at både lokalbefolkninga og turistane besøkjer oss, sa Oda Sandvik Aure.

Bakevarene som Geiranger Bakeri sel er laga i Langevåg, og laurdag kom fyrste bil med rykande ferske bakevarer til Hellesylt. I hyllene på Hægstad Gård blir både brød, bollar og kaker i fleire variantar å få kjøpt. Kaker kan også tingast for levering, fortel Oda som har med Monica Corneliussen som kokk ved kaféen.

På menyen i kaféen blir mykje godt å finne, mellom anna hamburger av storfe frå Ole Ringdal med fenikkeldressing og salat, kyllingsandvich, ost frå Skarbø Gard, og spekeskinke frå Tind er litt av det  Oda Sandvik Aure ramsar opp. Kaféen har serveringsløyve for både vin og øl, mellom anna frå Geiranger Bryggeri..

-Planen er at vi også skal tilby ein liten varmrett, og råstoffet til maten skal hentast lokalt.  Det er viktig for oss å bruke nærmiljøet, seier ho.
Geiranger Bakeri sitt utsal på Hellesylt er det sjette på Sunnmøre. Frå før er der utsal og kaféar i  Geiranger, Sykkylven, Langevåg, Volda og Brattvåg.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380