Saknar ikkje cruisebåtane
Det kom ingen cruisebåt til Hellesylt i 2020, og det ser dårleg ut også for i år. Svein Sporstøl, handelsmann på Hellesylt saknar ikkje cruisebåtane så mykje.
Cruiselista for 2021 hadde svært mange anløp til Hellesylt, men etter kvart har fleire og fleire avbestilt. Reiserestriksjonar og smittesituasjonen i verda har ført til at ingen cruisebåt har lagt til ved Hellesylt cruisekai så langt i år. Fyrste båt no er Mein Schiff 6 den 19. august.
Auke ved butikken
-Cruisebåtane er ikkje så viktige for Hellesylt som vi har trudd. Dei kjem og reiser like fort utan å lege igjen ei krone til privat næringsliv.
Det seier Svein Sporstøl, handelsmann og drivar av Joker-butikken på Hellesylt. Han humrar litt meir når han fortel om norske kundar og andre reisande som har ført til stor auke i besøkstala ved butikken.
Trur på ny, god sommar
-Både i fjor og så langt i år har besøket auka mykje og betre enn forventa, seier han. Sporstøl snakkar ikkje om omsetjing, men om personar som kjem innom og handlar. Og dotter Borghild støttar og bekreftar det Svein fortel. Det er masse folk i gata i Hellesylt kvar dag, seier ho så ho lurer på korleis det blir når fellesferien set inn for fullt. Det er berre å glede seg, seier vi.
Styrer seg sjølve
I alle fall saknar ingen av dei cruisebåtane så mykje.
-Det er sjølvsagt fint å sjå på eit cruiseskip kome seglande inn fjorden og legge til kai. Spesielt om båten ligg over og lyser opp ekstra i sommarnatta.
Men cruiseselskapa har fjerna seg frå lokalsamfunna på land, dei ordnar aktivitet for turistane sjølve. Dei fyller opp båtane med varer, kajakkar, syklar og andre ting som høver å bruke på land, i staden for å støtte lokale selskap som har gode tilbod til spanande aktivitet.
-Nei, cruisebåtane er ikkje så viktige for Hellesylt som vi har trudd. Det er sjeldan det har kome ein cruiseturist innom butikken vår for å handle, dei blir leda inn i bussar så snart dei går i land og dermed er dei vekk. Slike kundar hadde det blitt lite inntekt av, seier Svein Sporstøl.