Lokalnytt

Sandra Borch besøkte Stranda

Stortingsrepresentant Sandra Borch og ordførar i Stranda Jan Ove Tryggestad (begge Sp) på ferja til Geiranger. Møllsbygda i bakgrunnen.

Torsdag denne veka besøkte Stortingsrepresentant Sandra Borch (Sp) Stranda kommune. Under besøket vart ho orientering om Verdsarvområdet og Geiranger, følgjer av Stortinget sitt nullutslepp-vedtak og energisituasjon.

Det var Stranda Senterparti som var vertskap for besøket der fleire frå leiing og kommunestyregruppa var med saman med ordførar og næringssjef.

Besøket starta frå Hellesylt med turistferja til Geiranger, og avslutta med rib-båttur frå selskapet Bonseye tilbake. Sandra Borch fekk god orientering både på ferja, av hamnesjefen i Geiranger, og på Norsk Fjordsenter.

Vedtak på sviktande grunnlag

Stortingspolitikaren Sandra Borch var på sin fyrste tur i området, ein ferjetur til Geiranger med mange inntrykk og mykje informasjon på ein solfylt dag.
Til hellesylt.info sa Borch at ho var imponert over alt Geiranger hadde å tilby av hotell og anna service til turistar. Det var ei bygd som var viktig å ta vare på, hjelpe og gje ordningar slik at det var råd å bu der også i framtida. Å leve av ein turistsesong som varte berre fire veker var uråd, så cruisetrafikken måtte halde fram i ei eller anna form. Konsekvensane av vedtaket om nullutslepp frå 2026 var ikkje godt nok utreda og infrastruktur og ny teknologi var ikkje på plass, meinte ho. Det var tydeleg at Sp-politikaren hadde eit anna syn i saka, at vedtaket om nullutslepp var fatta på sviktande grunnlag.

Behov for elektrisk kraft

Til samlinga på ferja hadde næringssjef Inge Bjørdal laga ein oversikt over følgjer av vedtaket og kva kommunen prøvde å gjere.
Vedtaket hindra cruiseskip å gå inn Storfjorden då strekninga frå Røbbervika til Ljøen låg i Verdsarvområde. Her ønska Stranda kommune ein «blå korridor», eller fri ferdsel for båtar til Hellesylt cruisekai, for så å frakte dei vidare inn Geirangerfjorden med miljøvenlege båtar, på hydrogen eller batteri.

Dette var heller ikkje rett fram, for Geiranger hadde eit stort behov for ny elektrisk kraft, og mange fartøy med ladebehov var der ikkje plass til. Å få bygge ut el-kraft i eit Verneområde hadde sine problem, så korleis dette kunne løysast var ikkje klart.
Ut frå orienteringa frå næringssjef Inge Bjørdal så jobba den Sp-styrte kommunen med fleire saker for å halde viktige næringar i regionen i gong.

To som orienterte godt og grundig, hamnesjef Rita Berstad Maraak og næringssjef Inge Bjørdal.

«Grønn kai»

I Geiranger møtte delegasjonen hamnesjef Rita Berstad Maraak som fekk tid til å orientere frå Stranda hamnevesen.
Her skriv hamnesjefen at på vegne av kommune skal Stranda Hamnevesen tilby og legge til rette for infrastruktur og ferdsel i og rundt Geirangerfjorden.
Gjennom «Grønn kai» ser ein på mulegheiter for kaisystem som legg til rette for, og tek i mot anløp av utsleppsfrie fartøy. I prosjektet vil ein utgreie kostnader, finansiering og gevinst sett frå eit berekraftperspektiv, står å lese frå hamnesjef Rita Berstad Maraak, som legg til:

-Vi meiner dette i tillegg til andre konkrete tiltak vil;
*kutte utsleppa raskare enn Stortinget har føresett
*bidra til utvkling av grønn energi som vil gje norsk maritim næring eit konkurransefortrinn
*gje naudsynt tryggleik for reiselivsnæringa i regionen.
Og utan fleksibilitet vil krav om nullutslepp i verdsarvfjordane i 2026 føre til at utsleppa flyttar seg frå verdsarvfjordane til nabofjordar like utanfor sona, og frå sjø til land, står å lese i orienteringa.

Besøkte Norsk Fjordsenter

SP-delegasjonen var også innom Norsk Fjordsenter til informasjon og omvising. Det kjem vi tilbake til etter kvart.

Sandra Borch og Jan Ove Tryggestad fotografert omlag midtvegs i den fantastiske «fossevandringa» langs Geirangerelva.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380