Stor festivalstemning med strenge reglar

Frå Ålesund kom bandet The Promdates og skapte stemning. Den var topp på Ljøen og framleis var laurdagskvelden ung.

Festivalen Lamaland er blitt arrangert ved Fjellgården Øvre Ljøen Amfi i helga. Laurdag var andre og siste kveld med rockemusikk av band frå store deler av landet.

-Vi stod i fåre for å avlyse heile festivalen grunna koronautbrot både i Stranda kommune og andre stader. Men etter råd og pålegg frå smittevernlegen i Stranda, har vi gjennomført med svært strenge tiltak og det har gått bra.
Vi fekk heller ikkje gjennomføre det planlagde matsalet, men alle har fått både mat og drikke. Det vart mest hamburger pakka som eingongs pakningar i aluminiumsfolie. Dei strenge tiltaka med avstand og anna har nok gått ut over publikumsframmøtet som har lege på rundt hundre kvar dag.

Det fortel ein litt sliten festivalsjef, Torje Aambø. Det vart lite med søvn, berre to og ein halv time sist natt, fortel han. Han var ute og gjekk rundt på teltcampingen for å sjå at dei som var vakne heldt seg til pålagde avstand som på Ljøen har vore to meter denne helga.
Og at reglane skulle haldast fekk vi sjå. Framfor scena var det slege ned gjerdestolpar og strekt tau slik at publikum skulle halde avstand.

Festivalsjef Torje Aambø i midten, saman med festivaldeltakar Andreas Nybø Støverstein til venstre, og billettkontrollør Emil Frøysa.

-Hadde eg måtte svare no på om det blir ny festival til neste sommar hadde svaret truleg blitt nei, men til måndag blir det nok ja, seier Torje Aambø, festivalsjefen på Ljøen som produserer og sel gitarpedalar gjennom selskapet sitt Bråk. Han er fornøgd med festivalen som samla masse triveleg publikum og gode rocke-band. Eit par av dei tolv banda melde avbud på kort varsel, men musikken og stemninga har vore på topp likevel, seier han.

Når det gjeld det økonomiske blir det nok eit lite underskot denne gongen, noko dei tre i arrangørstaben, Anders Adolfson, Ole Hjalmar Bonsaksen og Aambø hadde rekna med.

-Koronasituasjonen har lamma oss og øydelagt litt av inntekta med redusert publikumsframmøte, men vi har fått arrangert ei trivleg helg og då får økonomien kome i andre rekke.

På scena står eitt av favorittbanda til Torje Aambø, The Promdates frå Ålesund. Det er absolutt høyrbart frå scena i amfiet og til kanten av campingplassen når tonane frå gitarstrengar, bass og trommer brusar ut frå høgtalaranlegget i takt med glitrande lyskastarar.  Og dyktige musikarar får velfortent jubel og applaus frå publikum. På Ljøen var det god festivalstemning.

Sigrid var også på festivalen Lamaland og skarosa plass og opplegg. Alle elskar kvarandre her, sa ho og strekte armane i lufta.

Det tykte også unge Sigrid frå Haltdal, publikum i Lamaland på Ljøen. Ho hadde kjæresten sin som gitarist i bandet Gnukk som kom frå Trondheim.
Sigrid skamrosa festivalen, det var kjempegod musikk, utsikta og campingområdet på Ljøen var fantastisk, maten var god, her var berre herlege folk. Og ikkje minst, gjengen i arrangørstaben var berre supre alle saman.
-Alle som er her elskar kvarandre, alt er berre je… bra, sa Sigrid før ho stakk for å høyre Ålesundbandet The Promdates  rocke frå scena i Øvre Ljøen amfi.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380