Lokalnytt

Store beløp frå Sparebanken Møre

Stig Tryggestad overrekte ein gåvesjekk på 100.000.- kroner til Klatrepyramida ved Sunnylven skule. Synnøve Sæther frå FAU tok mot.

Som tidlegare år delte Sparebanken Møre ut Teft-middlar under mini-Hellesyltdagane søndag. Av totalt 500.000.- kroner hadde det meste blitt utdelt tidlegare.

Stig Tryggestad frå Sparebanken Møre kom med ein stor sjekk også søndag. Svært mange hadde søkt om Teft-middlar og fleire var gode søknader. Tidlegare i år hadde banken delt ut 400.000.- kroner og søndag hadde Tryggestad med nye 100.000.- kroner. Det gjekk til FAU ved Sunnylven skule og den planlagde Klatreparken, eit prosjekt banken ønska å støtte då det ville bli til glede både for skuleborn og andre tilreisande til bygda, sa Stig Tryggestad.
Synnøve Sæther tok mot gåvesjekken på vegne av FAU ved Sunnylven skule.

Her er lista over gåvemiddlar som Sparebanken Møre har tildelt lag, organisasjonar og til andre gode formål i Sunnylven 2021, totalt 500.000.- kroner.

Pårørandegruppa Sunnylven omsorgssenter,              Trivselshage 200.000.-
FAU Sunnylven skule,                                                   Klatrepark, 100.000.-
Sponsoravtale Sunnylven IL,                                        Sponsoravtale, 50.000.-
Sunnylven Idrottslag,                                                     Merking turstiar, 40.000
Sunnylven Vilt og fiskelag,                                            Ruseprosjekt, 35.000.-
Hellesylt Treningssenter,                                               Tredemølle, 30.000.-
Sponsoravtale Sunnylven skyttarlag,                            Sponsoravtale, 30.000.-
Sunnylven Pensjonistlag,                                              Eldredagen, 10.000.-
Fjellrosa 4H,                                                                  Merker til haustfest, 5.000.-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380