Lokalnytt

Strålande fornøgd med Andesleppet

Traktorskuffa var heilt full av plastender etter godt loddsal.

Andesleppet under mini_Hellesyltdagane vart ein intens konkurranse mellom 1979 plastender i Hellesyltfossen søndag. And nummer 700 var kjøpt av Kari Helen Fritun Vereide og vann.

Det vart suksess for Andesleppet i Hellesyltfossen også i år. Salet av andelodd gjekk litt tregt i starten, men dei siste tre dagane tok det verkeleg av der kjøparar tok kontakt både med salsboda i Hellesylt sentrum og på vipps.
Det fortel leiar Marianne Fivelstad i Hellesylt Ungdomslag som er arrangørlaget for det populære andesleppet. Etter at det heile var over gjorde ho ei rask oppteljing av uselde lodd i to bøker og talde 21 blanke felt. Ho var strålande nøgd.

Her går 1979 gule plastender i Hellesyltfossen

Som vanleg small startskotet godt på Høge bru då den blå traktoren tippa den fulle traktorskuffa med plastender i Hellesyltfossen. God vassføring fekk god fart i den gule hården, og snart kunne næringssjef Inge Bjørdal og mannskapet i båten, Stig Tryggestad og Tarjei Korsbrekke plukke opp vinnarane ved oljelensa like forbi Hellesylt bro.
Også i år vart dei ti fyrste premierte, sju på 1000.- kroner kvar, og tre andre på 3000.-, 5000.- og 10.000.- kroner som var vinnarpremien.

Her er vinnarane:
10.000.-: Kari Helen Fritun Vereide
5.000.-: Laila Røyrhus
3.000.-: Ronja Mari Tronstad
!.000.-:
Elias Almening Hjelbakk
Frank Øksvang
Linda Kristin Tomasgård
Rita Rødset
Knut Ole Midtkandal
Torunn Janne Hauge
Olav Bergsrønning Eid

Dei kom fort og det kom mange i lag. Konkurransen var ekstra stor denne gongen. Og masse publikum følgde spent med.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380