Lokalnytt

Vardefjellet i Valldal

Vardefjellet i Valldal med utsyn mot Stranda

Frå Vardefjellet vart det i gamle dagar varsla om fårar til mange bygdelag. I dag er turmålet i fruktbygda Valldal eit populært urmål for unge og eldre.

Den flotte sommaren på Sunnmøre har lokka unge og eldre, spreke og mindre godt trena ut på tur i det flotte turterrenget i landsdelen. Ei av dei populære turrutene fann vi i Valldal, til Vardefjellet opp for Lingåsen.

For å kome til turmålet vårt køyrer ein bil opp Lingåsen i Valldal. Etter litt kjem ein til ein bomveg, god grusveg ca. 1.0 km. lang. På stor parkeringsplass blir bilen ståande og så er det å ta beina fatt etter ei god rås og i varriert terreng. Fyrste biten går høveleg bratt etter sti i lauvskog, før ein kjem i meir ope terreng med fantastisk utsikt. På Storfjorden ser ein ferjene gå att og fram mellom Linge og Eidsdal, og dalføra Eidsdal og Norddal strekkjer seg langt inn i «blånen».

Frå Vardefjellet ser vi også til den grøderike bygda Valldal

Vi stig oppover og fram mot turmålet og etter 1.5 time for folk i vanleg god form er vi på Vardefjellet. Då opnar landskapet seg enno meir, mot Stranda og Strenakken, og bak oss breier Valldalen sine frodige flater seg ut. Det er eit vidsyn av det vakraste med høge fjell og ein djup, blå fjor under oss.

I boka Opptur av Merete Løvoll Rønneberg og Finn Loftesnes er turen beskriven som ein lett tur. Namnet Vardefjellet har det fått av at det i gamle dagar vart tent bål der når fårer var på veg og  trua. Vi forstår at mange vart varsla når det vart tent opp vardebål på denne staden.

Vi valde oss denne turen denne gongen, eit val vi ikkje angrar på.

Mot Eidsdal

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380