Vil endre namnet til Hellesylt skule

Sunnylven skule har blitt rehabilitert det siste året og står fram i ny prakt, med det gamle eller nytt namn?

Hellesylt Næringslag har i brev til Stranda kommune foreslått at Sunnylven skule skal heite Hellesylt skule etter ny-renovering. Argumenta til Næringslaget er kjente frå tidlegare.

Hellesylt Næringslag har sendt brev og bede skuleeigar Stranda kommune endre namnet på Sunnylven skule til Hellesylt skule.
Truleg har laget no sendt ut ein liten «brannfakkel» eller kanskje blir det positiv oppslutning kring forslaget i bygda som er vide kjent for samhald og det å stå opp for kvarandre.
Men er det rett å skrote det gamle namnet Sunnylven, eller bør vi endre alt til Hellesylt med ein gong, fjorden, sætredalar, bygningar og lag -og organisasjonar. Du kan seie di meining og gje våre folkevalde ditt råd.

I brevet til Stranda kommune skriv Hellesylt Næringslag:

Hellesylt Næringslag har på styremøte drøfta korleis vi kan gjere bygda betre kjent og at vi bygger ut merkevara Hellesylt.

Når ein no får «ny» skule bør det vere naturleg at ein vurderer å kalle denne for Hellesylt skule. Vi sender derfor ei sterk oppmoding til skuleeigar om å endre namnet til Hellesylt skule.

Argumentasjonen for dette er:
*Skulen ligg i Hellesylt sentrum og bør ha dette namnet utifrå vanleg praksis for skulenamn
*Alle som bur her har adresse 6218 Hellesylt
*Bussen går til og frå Hellesylt
*Ferja går Hellesylt – Geiranger

Skal vi lukkast med å gjere bygda betre kjent er det vanskeleg å bruke to namn på same bygd og vi ser det som viktig at vi framstår med Hellesylt utad.
Næringslaget skifta einstemmig namn for mange år sidan. Så då håper vi det kjem opp nytt namneskilt på skulen når den skal reopnast.
Lukke til med prosessen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380