AIDAmar på Hellesylt igjen

AIDAmar la til ved Hellesylt cruisekai tysdag og sette i land passasjerar for rundturen om Stryn til Geiranger

Tysdag 31. august kom cruisebåten AIDAmar innom Hellesylt. Båten var det andre turistskipet til Hellesylt cruisekai i haust, men snart kjem det fleire.

Etter nesten to år får Hellesylt og Geiranger besøk av cruisebåtar. Seint på dag 27. august var Mein Shiff 1 innom Hellesylt etter fyrst har vore i Geiranger saman med andre turistskip.

Siste dag i august kom 253.3 meter lange AIDAmar og sette i land cruisepassasjerar på Hellesylt til 5-6 bussar som skulle ta turen «over land» til Geiranger.
Og dagen etter, 1. september kjem Mein Shiff 3 til Hellesylt cruisekai på slutten av dagen. Og fleire blir å sjå i september og oktober, eit par i november, og siste i år Hanseatic Spirit til Geiranger 5. desember.

På Hellesylt blir det berre kort liggetid for turistbåtane sjøl om staden har ei god cruisekai å ligge ved. Men cruisebåttrafikken er i gong igjen og kanskje er det eit signal på at corona-pandemien går mot slutten.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380