Årets siste i Øvre Ljøen Amfi.

Ny konserthelg i Øvre Ljøen Amfi 13. og 14. august. Kjøp billettar og opplev mellom anna artisten Jarle Bernhoft. (Foto: nedlasta)

Helga 13. og 14. august er siste musikalske oppleving i Fjellgården Øvre Ljøen Amfi. Gå ikkje glipp av konsertoppleving med ein av norges beste gl-gitaristar fredag kveld, eller Kristian Haug og Jarle Bernhoft kvelden etter.

-Det er framleis mange ledige billettar til årets siste konsertoppleving. Det seier Ole Hjalmar Bonsaksen, arrangør av gode konsertane i Fjellgården Øvre Ljøen Amfi. Også denne sommaren har han fått «krydra» artistlista med kjente musikarar, både instrumentalt og på vokal, og helga 13. og 14. august er ikkje noko unnatak. Fredag står gitarist, låtskrivar og vokalist Magnus Berg med band på scena.

Ole Hjalmar Bonsaksen har hatt gleda av å oppleve Magnus Berg, ein av norges beste på el-gitar under konsert i Royal Albert Hall. -Det var stort, eit minne for livet, seier Bonsaksen.

Også dei andre artistane laurdag er verd billetten meinar han. Kristian Haug og Jarle Bernhoft er to som det musikkinteresserte Norge vil ha glede av i mange år framover, leikne på sine instrument, gode låtskrivarar, dyktig formidla på vokal og instrument.

Det har vore ein lang og aktiv sommar for familien på Fjellgården Øvre Ljøen. I tillegg til dei mange konsertane har det gått i rib-køyring av turistar på fjorden, fortel Ole Hjalmar Bonsaksen.
Han er usikker på opplegget med konsertar til neste sommar, om det skal halde fram, det blir lite igjen for mykje arbeid, seier han. Til helga blir det i alle fall konsert og musikalske go`bitar i amfiet med nokre av norges beste og framstormande artistar, avsluttar Ole Hjalmar.

Les omtale av artistane her: https://www.facebook.com/events/210901230595967/?ref=newsfeed

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380