Lokalnytt

Det dura, small og rista av jordskjelv

Jan Erik Øksvang på Storstein i Sunnylvsbygda merka jordskjelvet godt måndag 2. august. Det dura, small og til slutt rista heile huset, fortel han like etter at jordskjelvet var over.

Måndag 2. august vart det registrert eit mindre jordskjelv på Nordvestlandet. Sunnmørsposten skriv at Norsar fekk fleire meldingar om jordskjelvet som vart registrert klokka 16.15, og som hadde ein styrke på 2.9. Det er rekna som eit mindre skjelv, men det kraftigaste på Nordvestlandet så langt i år.

I Sunnylven merka fleire personar jordskjelvet, mellom dei var Jan Erik Øksvang. Han bur åleine i huset sitt på Storstein i Sunnylvsbygda der han måndag slappa av på ein fin sommardag. Men brått vart stillheita broten.

-Plutseleg kom ein dur og eit kraftig smell. Det høyrdes ut som ein stor trailer eller eit fly som kom og krasja inn i huset mitt. Og så rista heile huset i nokre sekund, før det heile var over.
Eg lurte fyrst på om det var noko i huset som hadde gått i lufta, eg hadde nett skifta til ny varmvasstank, men etter ein telefon til sonen min fekk eg bekrefta at det hadde vore eit jordskjelv. Det var litt skremande med det same, men det gjekk bra og ingen skade er registrert hos meg, seier Jan Erik Øksvang.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380