Garden imponerte ved Tussaparken
HMK tredje gardekompani har innteke Sunnmøre den siste veka. Torsdag avslutta dei besøket med framvising i Ørsta.
Veret var på lag då tredje gardekompanis musikk -og drilltropp besøkte Ørsta torsdag. Etter framvisingar i Ålesund, Skodje, Hundeidvik, Sykkylven, Geiranger og Fosnavåg var dette siste opptreden i fogderiet. Frå Ørsta drog kongens menn vidare til Førde og Florø.
I sine gallauniformer toga gardistane inn på området ved Ørsta City til tonar av Gammel Jægermarsj. Eit stasleg syn og hending som mange fekk foreviga med bilete.
På plassen like ved Tussaparken vart det både musikk og drill i presisjon, og der applausen sat laust mellom eit stort publikum.
Framsyninga varte i godt ein halvtime, då var det heile over og gardekompaniet marsjerte ut til musikk same vegen som dei kom. Då kom også regnbygene tilbake.
Sjå og høyr Garden marsjere og spele i Ørsta: