Lokalnytt

Filmpremiere på Hellesylt

Helsetkopen var for lav og vart påbygd nær 30 meter. Ut frå denne rampen gjorde Tom Cruise sine seks halsbrekkande stunt.

Om få dagar er det eitt år sidan superstjerna Tom Cruise køyrde motorsykkel ut for Helsetkopen og i filmopptak til Mission Impossible 7. Filmen kan bli premiereklar til Hellesylt i mai neste år.

Tettstaden Hellesylt og den vesle bygda var midtpunkt for filmopptak til Mission Impossible 7 i august og september 2020. Fleire hundre filmfolk inntok bygdebyen og eit ti-talls helikopter frakta utstyr og folk til Helsetkopen, fjellet i Sunnylvsbygda som var ein sentral plass i filmopptaka. Her utførte Tom Cruise ei krevjande og for mange skremande filmrolle, å køyre utfor det 1246 meter høge fjellet på motorsykkel.

Mai 2022

Cruise gjorde scena seks gonger og landa alltid like heil og trygt på flatene ved Helsetvatnet. Dette og fleire andre scener både i Norge og utlandet blir no filmen Mission Impossible 7.

Mange ventar spent på premiera, på å få sjå filmen og det nærmar seg. Hellesylt.info har frå sentrale personar i filmproduksjonen fått opplyst på mail at premiera truleg blir 27. mai 2022 og at det blir jobba med å legge den til Hellesylt.
Sigmund Elias Holm i Film Commission Western Norway håper det er mulig å få til noko ekstraordinært i området i samband med premiera.

Skal bli folkefest

Ordførar Jan Ove Tryggestad har håpa på og jobba mot å få lagt premiera av filmen til områder på Hellesylt. Han tok mot opplysingane om ein muleg dato med begeistring.
-Både eg og andre har jobba og har klare ambisjonar om eit større arrangement i samband med ei premiere på Hellesylt. Så spelar veret på lag skal det bli ein stor folkefest, seier ordføraren. Meir av planlagt opplegg vil han ikkje røpe no.

Tom Cruise, alltid like blid og imøtekomande til den store skaren av fans etter stunt-landingane ved Helsetvatnet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380