
Organisasjonen Metalheads Against Bullying (MAB) var på Ljøen og festivalen Lamaland. Dei jobbar mot mobbing og sjølvskading mellom ungdom.
Det var Leif Munkelien som starta organisasjonen MAB i 2015. Organisasjonen er til for å hjelpe og støtte i alle situasjonar der vanskar mellom unge og eldre måtte oppstå. MAB består i dag av fleire vaksne personar med ulik bakgrunn og utdanning, og har kontakt til spesialistar innan fleire fagfelt som kan vere til nytte i situasjonar.
Tilsette i MAB jobbar alle utan løn, og alle bidrag går til å jobbe, og engasjere folk i kampen mot mobbing og sjølvskading.
-Alle som lever og ånder for Metall og Rock’n roll bli ofte sett på som annleis. Mange kjenner på følelsen av å bli behandla med lite respekt fordi dei skil seg ut ved å ha ein sterk lidenskap for musikk og alternativ livsstil.
Vi «metalhoder» er eit sterkt symbol på det å ikkje følge trenden, men å hylle individet og anerkjenne mangfoldet, skriv organisasjonen.
Festivalsjef Torje Aambø kjente til organisasjonen frå andre arrangement og inviterte dei til Ljøen. Der var dei på plass i helga med eigen stand og informerte om arbeidet sitt.
-Stadig får organisasjonen henvendelsar frå festivalar og konsertarrangørar i inn -og utland som ønskjer at vi skal kome, ofte er dette for at publikum etterspør oss og ser verdien av å ha MAB på plass, står å lese i orientering frå organisasjonen.