Lokalnytt

Kan få Hydrogenfabrikk og ny ferjekai

Der den store haugen med tunnelmasse ligg midt på bilde er tenkt tomt for Hydrogenfabrikk. Ny ferjekai går ut frå land midt på bilde mot den gule bøya.

Stranda formannskap handsama to store saker for Hellesylt onsdag, tomt for Hydrogenfabrikk og ny ferjekai. I begge sakene var formannskapet samstemte.

Både tomt for Hydrogenfabrikk på industriområdet i Kleivane aust for Formvac AS, og i saka om flytting og etabering av ny ferjekai på Hellesylt vart det lagde fram grundige saksutgreiingar. I begge sakene slutta formannskapet seg samrøystes til tilrådinga, fortel ordførar Jan Ove Tryggestad. Han er svært glad for semja og kallar vedtaka historisk.

Til kommunestyret og Fylket

-Dette blir spanande, her vil det bli drive både forskning og utvikling for framtida og eit godt miljø. Slike ting må bety noko for ein og ein kvar, og når det gjeld Hydrogen er vi heilt i front i Norge i utvikling.
Det er eit historisk vedtak vi har gjort i dag. Begge sakene skal vidare til kommunestyret 25. august og seinare skal Fylket gjere sine vedtak.

Ordføraren håper og trur at sakene vil få tilslutning også i desse organa. I september vil det bli kalla inn til folkemøte og orientering på Hellesylt, seier Tryggestad.

Vil skape ringverknader

På industriområdet i Kleivane som skal selgast til Norwegian Hydrogen og Hydrogenfabrikk ligg det i dag store mengder steinmasse etter Vegvesenet si tunnelbygging på Ljøvegen. Desse kan brukast til å heve terrenget og sikre tomta for eit høgare havnivå, heiter det i saksutgreinga.
Tomta som er på 5.2 dekar har vore opparbeidd og tilgjengeleg i lang tid, men ingen interesserte har meldt seg for å ta den i bruk.

Hydrogenfabrikken gjev ikkje mange arbeidsplassar, men ringverknadane kan skape aktivitet både på Hellesylt og fjorden, heiter det.

Ny ferjekai

Salet av tomt til Hydrogenfabrikk vil gje inntekter som dekke kommunen sin andel av forundersøkingar for ny ferjekai. Denne kostnaden blir tredelt mellom Fylket, Stranda kommune og Knut Flakk, fortel Tryggestad.
Endeleg kostnad på den nye kaia er ikkje klart, det vil variere alt etter kva konstruksjon det blir, om det blir kombinasjon av fylling og pålar eller ein meir flytande konstruksjon, seier han.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380