Krev utbetring av fårleg vegkryss

I brev til Stranda kommune krev Langøylia hytteforening utbetring av vegkrysset mellom fv 60 og den kommunale vegen til Langøylia som er tilkomst til hyttefeltet.
Flytting av vegkrysset til Langøylia har vore eit ønskje/krav i mange år, men stoppa opp grunna manglande løyvingar på budsjettet.
Også til budsjettet for 2021 var det gjort innspel om løyving, men løyving kom ikkje med då heller.
Det skreiv kommunen i svar til hytteforeninga i februar. Kommunen er klar over situasjonen med farleg kryss mellom fv 60 og den kommunal veg til Langøylia. Det ville bli sett på andre løysingar, mellom anna fjerning av skog for å betre sikta, stod å lese i svaret.
Skogrydding har ikkje skjedd og Langøylia hytteforening viser dei til at ny veg frå krysset til Hyttehola skytebane til brua til Langøyligardane er inne i Stranda kommune sitt utkast til arealdel av kommuneplanen.
Leiar i hytteforeninga, Håvard Overå skriv at dei no krev at det vert sett av tilstrekkeleg midlar på neste års budsjett slik at det vert nytt vegkryss til Langøylia.