Linn og Tarjei gav sine ja på Steimsnibba

Etter år som sambuarar stod Linn og Tarjei brud og brudgom på Steimsnibba i Sunnylven laurdag, 1285 meter over Hellesylt sentrum. Ei minnerik hending for brudepar og over 60 andre på toppen.

(Alle foto: Silje Kristin Stadheim)

Dei valgte den store katedralen Linn Kammen Flydal og Tarjei Korsbrekke då dei skulle gifte seg. Og like fint som veret viste det unge brudeparet seg fram på toppen av «bytesteinen» i Sunnylven, det «stolte» fjellet som rager 1285 meter over Hellesylt sentrum.

Linn og Tarjei har vore sambuarar nokre år, har stifta familie og bygd seg eige hus i byggefeltet Solveien på Hellesylt. Frå heimen ser dei rett mot Steimsnibba, ein topp dei har besøkt fleire gonger tidlegare.

Etter fyrst ein tur til vigselsmannen, ordførar Jan Ove Tryggestad gjekk turen til fjells saman med 62 andre. Og der på taket av steinhytta som Ingolf Ringdal bygde på toppen av Steimsnibba velsigna prestevikar Ann Kristin Langeland hendinga og dagen i nærvær av 62 andre slektningar og venner.

Mange hadde visst om vigselsseremonien gjennom sommaren. Såleis har ein del venner av dei to både beisa og rydda i og kring steinhytta på toppen. Det vart ein flott dag der dei også var heldige med veret, sa brudgommen. Linn og Tarjei takkar alle for tilrettelegging og hjelp på den store dagen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380