Magisk med Sigrid Moldestad

Sigrid Moldestad er ein multikunstnar som formidlar eigne tekstar i song og med musikk.

Konserten med Sigrid Moldestad under sommarstemnet til Storfjordens Venner vart den opplevinga mange kom for å få med seg. Ein multikunstnar med gud-benåda evner.

Sigrid Moldestad er oppvaksen på gard i Breim og er ei av dei dyktigaste til å formidle folkeleg musikk både gjennom song og på instrument. På Øvre Ljøen imponerte ho stort, ikkje berre på instrument i hendene, men også gjennom medfødte stemmestrenger.

På Ljøen fortalde Sigrid at ho hadde slektsband til området, frå ein Johannes på Skageflå. Rett nok etter fleire «tipp – tipp» slektsledd. Han dreiv garden godt og kona var veverske, fortalde ho.

Når Sigrid Moldestad og hennar musikarar, Jørgen Sandvik tangentar, Anders Bitustøl bass og Roar Kaldestad gitar og andre strengeinstrument inntok scena kom også sola fram. Men konserten vart enno meir strålande der artisten trakterte både vanleg fele og hardingfele. Og songrøysta og songane med dei nynorske tekstane fenga publikum til lange, varmande applausar. Ikkje minst då ho drog i gong med «Kjellstadhallingen», då vart det både jubel og klappsalvar som gav gjenklang.

Rosa konserten

Det var noko magisk over konserten med Sigrid Moldestad. At musikarane var dyktige fortel ikkje alt frå den musikalske eventyrstunda frå Øvre Ljøen søndag. Det vart ein time med flotte songar, dei aller fleste laga av Sigrid Moldestad sjølv og formidla på ein magisk musikalsk måte. Betre kan det vel knappast gjerast.
At det måtte ekstranummer til var ikkje heilt uventa for dei dyktige aktørane.

Leiar i Storfjordens Venner, Inge Bjørdal takka så mykje for konserten. -Det er vanskeleg å finne ord men ubetaleleg heiter det vel, strålande tekstar med relasjonar, sa han, før han overrekte ei gåve som minne, ei bok om Storfjordens Venner.

Sigrid Moldestad hadde med musikarane, frå venstre Jørgen Sandvik, Anders Bitustøl og Roar Kaldestad.

Ny plate

Sigrid Moldestad skriv mykje av tekstar og musikk sjølv. I koronatida har det blitt mindre med konsertar rundt om, men så har ho nytta tida til å lage ei ny plate som kom ut nyleg, «Tonen i meg». Ho tykte det var fantastisk å få lov å kome til Ljøen og opptre her. Ho hadde ikkje venta å finne ei så flott scene og med amfi og det heile, og ho rosa uhemma opplegget og lydteknikar Magne Bonsaksen. Han gjorde ein flott jobb for at konserten skulle bli bra. Og så staden og utsikta då, det var berre imponerande, sa ho til hellesylt.info.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380