LokalnyttUkategorisert

Minister besøkte Hellesylt

Toppolitikarar frå Høyre besøkte Hellesylt fredag, frå høgre statsråd Nikolai Astrup, stortingsrepr. Vetle Wang Soleim, og Svein Erik Rimstad frå Stranda Høyre.

Kommunal -og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) besøkte Hellesylt fredag. Her fekk han orientering om fleire ting, mellom anna vanskar som cruisenæringa har møtt og vil møte, og storsatsing på turistnæring.

Besøket til statsråd Nikolai Astrup og fleire andre Høgre-politikarar starta på cruisekaia på Hellesylt. Med i følget var stortingsrepresentant frå Smøla, Vetle Wang Soleim, fylkessekretær Odd Harald Karlsen og lokalpolitikar i Stranda Høgre, Svein Erik Rimstad.

På kaia fekk delegasjonen ei grundig orientering om Stranda hamnevesen og om tapte inntekter som hamnevesnet og Stranda kommune hadde hatt fordi cruisebåttrafikken har stoppa opp dei to siste sesongane.
Styreleiar i Stranda Hamnevesen KF, Per Erik Dalen sa at det hadde vore tapte inntekte at cruisebåtar ikkje hadde kome inn fjorden og til kai. Årsaka dei to siste sesongane var koronasituasjonen, men om fem år var det i alle fall stopp for båtar på fossilt drivstoff etter som Verdsarvfjordane skulle vere utsleppsfri frå 2026.

På Hellesylt cruisekai orienterte styreleiar i Stranda Hamnevesen KF, Per Erik Dalen t.v. om situasjonen for cruisenæringa som han ønska hjelp frå statsråd Nikolai Astrup å få i gang igjen.

Ba statsråden sjå på tiltak

Dalen bad no ministeren sjå på å opne opp ein korridor i Sunnylvsfjorden slik at cruisebåtar kunne gå til kaia på Hellesylt, og på tiltak i omstilling til utsleppsfrie fartøy til å frakte cruisepassasjerar fram og tilbake på Verdsarvfjorden. Aktuelle tiltak kunne vere tilskot til ny teknologi, og gunstige lån til investering og drift av utsleppsfrie fartøy, meinte Dalen, og la til; -Når resten av verda kjem etter er vi klare til å tilby løysinga.

Kommunal -og moderniseringsminister Nikolai Astrup lytta og fekk med seg den grundige orienteringa frå styreleiaren i Stranda Hamnevesen KF. Han kunne ikkje gje noko lovnader der og då om ein korridor i Sunnylvsfjorden, men såg på orienteringa som nyttig i vidare arbeid.

Opnar nyrestaurert hotell om to år

Frå Cruisekaia drog statsråd og følge vidare mot den store turistsatsinga på Hellesylt, Flakk Gruppen si renovering av Grand Hotel. Framleis står mykje arbeid igjen, men opning er sett til sommaren 2023, fortalde dagleg leiar for Basecamp Hotel, Hellesylt, Jan Sverre Sivertsen.

Sivertsen sa at Flakk Gruppen satsar stort på turisme rundt om, mellom anna på Hellesylt.
-Basecamp Hotel Hellesylt skal bli ein pilot i turistsatsinga, i grøn turisme, for hotellet ligg i eit område med fleire mulegheiter for naturaktivitet, noko vi satsar på, sa han.

Med verneutstyr på hovudet tok han med dei tilreisande både til baksida av hotellet der han orienterte om arbeid som ventar og andre bygg som skal kome. Alle fekk også sjå inn i det gamle hotellet frå 1800-talet som langt frå er ferdig. Det blir ikkje ein kopi av det gamle, men enkelte detaljar skal bevarast.
Sommaren 2023 er målet for opning og drift  av Basecamp Hotel Hellesylt og som vil få 25 nye arbeidsplassar, sa Sivertsen.

Dagleg leiar ved Basecamp Hotel Hellesylt, Jan Sverre Sivertsen , i midten gav god orienteringtilbesøket av toppolitikarar fredag med mellom anna statsråd Nikolai Astrup t.v. innom det gamle hotellet. Vetle Wang Soleim til høgre. Politikarane ville kome tilbake til opninga i 2023.

Naturen, ei unik «råvare»

I ein ti-års periode satsar Flakk Gruppen rundt ein milliard kroner på turisme, mykje av det blir på Hellesylt, både i renovering av gamle Grand Hotel og eit hotell som skal kome på Ljøen med utsikt mot Geirangerfjorden.
Jan Sverre Sivertsen kom med mange gode argument for turisme på Hellesylt. Han var klar på at den «råvara», naturen som er i området var unik og burde utnyttast.
-Vi må ikkje stå med lua i handa, men skape aktivitet i naturen vår på positiv måte. Det er ei «vare» verda higar etter å oppleve, men det må vere kvalitet måten vi leverer på, sa Sivertsen.

Rosa hotellrenoveringa

Statsråd Nikolai Astrup hadde fått mykje informasjon og under sitt besøk på Hellesylt. Han vart «fora» med opplysningar om ei bygd der mykje positivt skjedde, med tilflytting av nye, unge familiar, og auka elevtal i nyrenovert skule.

At hotellet vart renovert var positivt for bygda, og det gav ringverknader for kommunen i form av arbeidsplassar og dermed inntekter. Å ta vare på det gamle var veldig bra av Flakk Gruppen, men også det å ta i bruk naturen var avgjort rett satsing i dette området, sa Astrup.

Pilotsatsing

-Hellesylt kan bli ein pilot når det gjeld satsing på Hydrogenproduksjon, noko som er både spanande og framtidsretta.
Vi går no inn for bygging av tre nye batterifabrikkar, og regjeringa støttar Hydrogensatsing med 4.0 mill. kroner over ein periode for å få fram drivstoff til mellom anna skipsfarten. Ei samordning av vasskraft og Hydrogen vil vere ein viktig del i det grøne skiftet, sa statsråd Nikolai Astrup til hellesylt.info.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380