Musikalske go`bitar og meir på Hægstad Gård
Sunnylven pensjonistlag inviterer til treff på Hægstad Gård, Hellesylt søndag 15. august. I tillegg til enkel servering og tombola blir det konsert med Fossedur.
Konserten med dei fem dyktige musikarane i Fossedur frå Hellesylt var tidlegare annonsert i august til amfiet på Fjellgården Øvre Ljøen. Om dette arrangementet blir seinare er ikkje klart, men i alle fall er alle pensjonistar over 60 pluss invitert til intimkonsert med meir på Hægstad Gård søndag 15. august klokka 19.00
Her blir det musikk av Fossedur og musikarane Olav Elling Gausdal, Knut Hanssen, Oddvar Gausdal, Bjarne Sjåstad og Jostein Ringdal, det blir servering av kaffi og bakevarer frå Geiranger Bakeri, og det blir tombola med gode gevinstar, fortel leiar i pensjonistlaget Astrid Langeland.
Det er gratis inngang på arrangementet og alle over 60 pluss er velkomne, uansett om dei er medlemer i Sunnylven pensjonistlag eller ikkje, seier ho og legg til; -Veldig glad for å sjå Deg!