Lokalnytt

Selde areal til hydrogenfabrikk

Industritomta på Hellesylt der hydrogenfabrikk skal kome ligg midt på bildet der det i dag er ei stor røys av tunnelmasse.

Sjøl om kommunestyret i Stranda hadde få saker til behandling onsdag drog det ut. Engasjement kring sal av tomt til hydrogenproduksjon og planane om ny ferjekai på Hellesylt engasjerte til mange innlegg.

På sakskartet stod tre saker til kommunestyremøtet i Stranda, to av dei hadde tilknyting til Hellesylt. Det var sal av industritomt for hydrogenproduksjon, og oppstart av planlegging ny ferjekai.

Sjeldan har så mange representantar teke ordet i ei sak som då tomteareal til Norwegian Hydrogen og bygging av hydrogenfabrikk vart behandla. Og sjeldan er det så stor semje i ei sak av denne storleik i kommunestyret. Innstillinga om sal av den aktuelle tomta aust for Formvac i Kleivane vart samrøystes vedteke.

Kommunalsjef plan og utvikling, Einar Lied var med på videolink og orienterte og svara på spørsmål kring saka. Industritomta det er snakk om er på 5250 kvadratmeter.  I dag ligg ei stor røys tunnelmasse på området, skjemmande meinte Knut Dag Langeland (Ap), eit roteområde på Hellesylt, kalte Gunnhild Kvam (Sp) industritomta slik det såg ut i dag.

-No er det i ferd med å bli etablert noko banebrytande i Stranda, ein hydrogenfabrikk som er av det fyrste i landet. Vi tek Paris-avtalen på alvor lenge for den norske stat gjer det. Og at tomta blir seld er mest som ei gåve frå himmelen då den har lege ute for sal i fleire ti-år, sa ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp).

Også Ole Jørgen Sve (Frp) gjekk inn for innstillinga, men hadde likevel betenkelegheit med å legge ein hydrogenfabrikk midt i Hellesylt sentrum. Han kunne tenkt seg at området vart brukt på ein annan måte.
-Det vil kome mange turistar til Hellesylt dei komande åra. Då treng Hellesylt fleire parkeringsplassar, toalett og anna service i sentrum, så lat det ikkje bli som i Geiranger. Hydrogenfabrikken burde ligge på Langeland eller i Fursetøyane, sa Ole Jørgen Sve.

Til dette svara Geir Frøysa (Sp) at området på Langeland nærmast var å sjå på som jomfrueleg, for det ville gå mange år før ein kom over elva og kunne bygge noko i det tenkte industriområdet der.

Også varaordførar Svein Erik Rimstad (H) sa det var ei positiv sak. Til dei som tenkte på sikkerheit ville det bli vurdert når prosjektet vart byggesak, sa han.

Det samrøystes vedtaket lyder slik;
-Stranda kommune vedtek sal av parsell av gnr. 91, bnr. 174 i samsvar med vedlagt kjøpekontrakt.
Ordførar får fullmakt til å signere kjøpekontrakt.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380