Lokalnytt

Siste sommarkonsert?

Laurdag 14. august stod Jarle Bernhoft på scena i Fjellgården Øvre Ljøen amfi. Etter ein sommar med fleire store artistar var dette årets siste sommarkonsert på ei scene enkelte har kalla landets flottaste konsertarena.

Min kommentar
Av Fredrik Stadheim

Vi er mellom dei som har fått oppleve mange gode artistar på Ljøen denne sommaren. Publikumsframmøtet har variert frå få til nær fullt amfi, men for dei som har teke turen har det alltid blitt hyggelege kveldstimar.

Konsertsesongen er slutt for i år og punktum sette Magnus Berg, Kristian Haug og ikkje minst kjente Jarle Bernhoft. Eit verdig punktum som mange kom og fekk den musikkstunda dei håpa, trur vi.

Artist med slektsband

Det starta med Elvira Nikolaisen tidleg i juni, ein flott artist med slektsrøter til Stranda og som for mange år sidan vart kjent etter duett med Bjørn Eidsvåg i «Floden». Nyleg var ho å sjå også i programmet «Allsang på grensen». Elvira har vore på Ljøen fleire gonger, og vi håpar å sjå henne her igjen seinare.

Glade spelemenn møtte vi også i The band called Oh, og i Wayho, Trømsø-musikarane som kom saman på nytt etter fleire års opphald for å spele konsert på Ljøen. Dei hadde ikkje gløymt musikkformiddlinga, dei hadde den framleis i fingrar og vokal.

Harriet Nauer, t.v., Jens Ericson og Annika Tornqvist

Svenske artistar

Så fekk vi oppleve indie-bandet Maple & Rye ein gong til, noko av det beste etter underteikna sin musikksmak. Og som mange andre gav dei uttrykk for at å spele i amfiet på Ljøen var av høgdepunkta, spesielt etter to sesongar med nedstenging av alle større arrangement.

Den største musikalske opplevinga på Ljøen denne sommaren kom i juli synes vi, då unge, vakre Harriet Nauer kom til fjellgården for konsert saman med to andre. Annika Tornqvist og Jens Ericson. Denne svenske framstormande artiststjerna har delt scene med andre store musikarar alt, noko vi forstår. Ho har ei unik stemme, ljos og reinstemt og leverer på ein måte som gleder publikum.

Eit tåkehav hindra utsikta då Kristian Haug stod på scena under siste sommarkonsert, men også det var magist og litt trollsk

Usikkert for neste sesong

Desse og nokre musikkartistar til har Hellesylt og Sunnylven hatt besøk av i Fjellgården Øvre Ljøen amfi, eit musikalsk tilbod, underhaldning som ikkje er verdsett nok. No er eigar og arrangør i tvil om det skal satsast på sommarkonsertar til neste år.
-Vi må jobbe med det vi tjener pengar på, har arrangør Ole Hjalmar Bonsaksen uttalt til hellesylt.info
Det forstår vi, slik må alle tenkje i dag, men vi vil tape ein attraksjon, eit tilbud få andre kan vise fram.
Scena og amfiet på Ljøen med fjorden og fjella som bakteppe er unikt, ei av dei flottaste i heile landet, har vi høyrt bli sagt.
Denne gode reklamen for området og kommunen håper vi vil eksistere i mange sommarsesongar til framover.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380