Sommarleg på sommarstemne

Litt ferre stemnedeltakarar enn vanleg, men i amfiet på Øvre Ljøen sat dei godt og fekk god underhaldning

Det var framleis sommarleg ver då Storfjordens Venner arrangerte sommastemnet sitt på Øvre Ljøen siste søndag i august. Eit flott stemne med tradisjonelt opplegg og konsert med folkemusikar Sigrid Moldestad.

Sunnylven skulekorps opna samlinga i Øvre Ljøen amfi med å spele «Sunnylvsmarsj» av Helge Fivelstad. Korpset hadde redusert besetning denne gongen, men gjorde jobben flott, også under tonefølgje til allsong av «Fagert er landet».

Og denne songen høvde godt på Ljøen søndag, for utsynet frå stemneplassen til natur av fjell og fjordar var imponerande og magisk.

Sunnylven skulekorps under leiing av Oddbjørg Stadheim stilte på og gleda med flott korpsmusikk sjølv om talet musikantar var redusert denne gongen.
Ordførar Jan Ove Tryggestad helsa frå Stranda kommune og overrekte gåve til Storfjordens Venner.

Ordførarros til Storfjordens Venner

Og akkurat dette tok ordførar Jan Ove Tryggestad fram i si velkomsthelsing frå kommunen til stemnefolket som talde mindre i år enn vanleg, kanskje berre rundt 150.
-Vi er heldige som kan sjå ut over eitt av dei flottaste landskap på kloden i eit land med eit godt folkestyre, sa ordføraren. Han rosa verneorganisasjonen og arbeidet dei legg ned.
-Her er buplassar langt tilbake i tid som er viktig å bevare og vise fram for ettertida. No er slitet på desse fjord og fjellgardane slutt, berre på Ljøen er det fast busetnad. Her har folket satsa på den nye tid og danna eige selskap for turisme og frakt på fjorden. Og snart kjem her eit nytt hotell også, sa ordførar Tryggestad.

Erling Ljøen har vakse opp på garden Ljøbakken og kjenner gardane og området kring Ljøen godt.

Fortalde om Ljøen

Erling Ljøen er oppvaksen på Ljøenbakken og bur der saman med kona. Dei har berre hund og katt som dyr på garden i motsetnad til før då geiteflokken talde over hundre dyr. Han informerte stemnefolket frå notat han har gjort om livet på og kring Ljøen opp gjennom åra. Her var mykje god folkeopplysning som vi håper Erling tek godt vare på. Stikkord av tema han snakka om var namna på fjordane ved Ljøen, Ljøkaia som alle på Ljøen var glade for at Verdsarven hadde sett i stand, dei nærmaste gardane i fjorden, snøfonner, om vegen som kom i 1958, og om elektrisiteten som kom til jul same året.
Når Erling krydra informasjonen sin med historier, då kom latteren fram mellom publikum fleire gonger.

-Ikkje mot barnearbeid

Ole Hjalmar Bonsaksen fortalde frå garden Øvre Ljøen og drifta der, til garden familien kom og overtok drifta av i 1995. Det vart jobba mykje av alle i familien, -far var ikkje imot barnearbeid, skjemta Ole Hjalmar som er ein av fem born til Bente og Frank Ole Bonsaksen på Øvre Ljøen.

-Det har blitt bra her, sa han og fortalde at han hadde overteke garden. No satsar dei også på sjøen og driv selskapet Bonseye og rib-båtar med frakt av turistar.

Las eigne dikt

Ivar Berge frå Stranda skriv dikt, mest om vinteren sa han. Under Storfjordstemnet las han tre av dikta sine, fyrst «Mot Geirangerfjorden», og så etter ønskje frå ein person «Pyramidane», og «Gostunda».

Utlodding

Storfjordens Venner hadde fått store, flotte gevinstar frå bedrifter rundt om i området. Det vart seld lodd og heldige vinnarar fekk med heim både stolar, puter og andre varer. Hovedgevinsten ein Stressless med skammel gjekk til Erling Ove Flø, Ullstein.

Og så var det klart for konsert med folkemusikkformidlar Sigrid Moldestad og musikarar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380