Sprang fort i Sentrumsløpet

Olav Erling Aaland, til venstre sprang fort på asfalt og brustein i Sentrumsløpet i Oslo. Her saman med far Gisle Hallstein etter ein maraton i Trondheim.

Olav Erling Aaland representerer Sunnylven IL. Laurdag markerte han seg i Sentrumsløpet i Oslo.

Sentrumsløpet i Oslo går over fleire distansar for både kvinner og menn. Mellom «sprekingane» stilte Olav Erling Aaland, Sunnylven IL til start i 10.0 km. Han fullførte til 21. plass i M 23-34 på tida 34.02, men berre 2.35 bak andre plass i klassa.

Suveren vinnaren i klassa var Senay Fissehatsion, Eritrea som representerer Ull/Kisa friidrett. Vinnartida vart 30.07.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380